Velkommen til FOUSAM

Endelig kunne vi møtast fysisk igjen!

Sølvi Heimestøl og Marianne H Wennersberg

Vi møtte ein glad og inspirerande gjeng frå Habilitering/ Læring og mestring på fagdagen deira den 4. okt. Endelig kunne dei slå av ein prat over kaffikoppen, ha felles lunsj og saman få fagleg påfyll! FOUSAM var invitert til å undervise om god møtekultur og formidling. Tilbakemeldingane var at dei fekk med seg praktiske og gode råd for arbeidskvardagen sin. For oss som FOUSAM-rådgjevarar kjentes det godt å igjen kunne undervise med deltakarar fysisk på plass i lokalet, etter halvt anna år med digital undervisning.