13 januar 2022 var ein merkedag for helsefelleskapet i vår region! Det første av 5 faglege samarbeidsutval starta opp og barn og unge var først ut! 22 spente representantar deltok på Teams.
Linda Hellen, med mange års erfaring som leiar i Fagnettverk barn og unge, går inn som leiar og bidrar til å sikra kontinuitet over i nytt FSU. Ho er positiv etter første møte:
«Det er godt å vere i gong! Det er mange dyktige menneske her med samansett, variert og god kompetanse – dette blir bra! Eg gler meg til å lede denne gjengen og vi har mykje å ta tak i!»
Vi tar med gode erfaringar og viktige arbeidsområde frå fagnettverket og inn i nytt FSU. Endringar i mandat og samansetting gir betre forankring og eit tydlegare oppdrag. I tillegg til brei representasjon frå helsetenestene, er pedagogiske tenester, barnehage- skule og barnevern representert for å sikre heilskapen i tenestene. Brukarrepresentasjon med erfaren forelder og ungdom frå Ungdomsråd, er viktige å ha med for å lukkast. For å sikra god overgang frå fagleg nettverk til nytt FSU deltok representantane frå begge fora.
Målet for FSU er «å sikre gode forløp på tvers av tilbodet i kommunar og helseføretak. Hovudfokus skal vera å forbetre og utvikle meir samanhengande og berekraftige helse- og omsorgstenester, med fokus på gode samhandlingsforløp og pasientsikkerhet»
Eit viktig satsingsområde er Barn og unges helseteneste. Under denne paraplyen skal FSU gjere kjent, implementere, vidareutvikle og lage nye forløp. Både barn og unge, føresette og hjelparane skal vite kven som har ansvar for kva i heile forløpet, frå førebygging til utgreiing, behandling og oppfølging. Det trengs ein struktur for godt tverrfagleg samarbeid, og vi må ha fokus heilt frå graviditet til ungdom, barn som er pårørande må og inkluderast.
Erfaringar viser at for å få dette til, treng vi å møtast på tvers av tenester, kommunar og sjukehus. Vi må legge til rette for samskaping gjennom utviklingsarbeid, nettverk og felles kompetanseløft. Her kan vi bygge på godt arbeid som er gjort i fagnettverket og forventar at det nye mandatet med sterkare forankring, gir oss meir framdrift og vind i segla.
I oppsummeringa av dagen var deltakarane overvelda av mange nye tankar og strukturar, men ord som håpefull, spennande, lærerikt og lyst til å gjere ein innsats, gav arbeidsutvalet god motivasjon for oppdraget i FSU barn og unge.
Arbeidsutvalet for FSU barn og unge
Linda Hellen, Bømlo kommune, leiar
Ester Espeset, Helse Fonna, nestleiar
Sølvi Heimestøl, kontaktperson frå FOUSAM