Barn som pårørende-prosjektet

Barn som er pårørande kan ha tøffe kvardagar og har rett til oppfølging av helsepersonell for å takle utfordringane når foreldre, søsken eller andre i familien er sjuke. Barns beste fann i Multisenterstudien at barn vert påverka av sjukdom i familien, at det er store udekka behov i oppfølginga og at samhandlinga mellom føretak og kommunar er mangelfull.

Helse Fonna har hatt struktur og rutinar for oppfølging av barn som pårørande i fleire år, men ser at oppfølginga i praksis kan bli betre. Kommunane har i liten grad utvikla rutinar og struktur og ser behov for å utvikle desse. Oppfølgingsansvaret er forankra i lovverk for begge partar og i forpliktande samarbeidsavtalar mellom kommune og føretak.

Helse Fonna har fått midlar frå Helsedirektoratet via Barns beste til eit prosjekt som skal beskriva forslag til tiltak som kan betra samhandlinga mellom kommunar og føretak. Prosjektet vil kople arbeidet til modellen Betre tverrfagleg innsats, som har ei samordna satsing her i vår region. Fagnettverk barn og unge er referansegeruppe for prosjektet.

Desse er med i prosjektet

  • Kommunane: Haugesund, Fitjar, Vindafjord, Etne og Kvinnherad
  • Helse Fonna ved 3 somatiske avdelingar og 3 distriktsmedisinske senter (DPS)
  • Kompetansesenter rus, Stavanger, KoRus Vest
  • Ungdomsråd og Brukarutval i Helse Fonna ivaretar brukarmedverknad i prosjektet
  • FOUSAM

Prosjektleiar: Bernt Netland, Helse Fonna og KoRus Vest
Kontaktperson i FOUSAM: Sølvi Heimestøl

Nyttige lenkjer