Digitale møteplassar for ØH døgntilbod!

Skjermdump av deltakarar på lunsjundervisninga

Gjennom pandemien har vi lært at digitale møte er heilt nødvendige om vi skal halde kontakten med kvarandre på tvers av avdelingar og kommunar. Vi har lært å sjå moglegheiter i den digitale verda! Ikkje minst handlar det om at når vi møtest digitalt kan mange spare reiseveg og fleire kan delta.  Nettverket for kommunale ØH døgntilbod bestemte difor at i tillegg til fysiske samlingar, når mogleg, ville dei fortsetje med digital lunsjundervining. Ansvar for tema og opplegg går på omgang mellom ØH-avdelingane,  og FOUSAM sender ut invitasjon og tar ansvar for det tekniske.

Over 40 fagpersonar møtte til lunsjundervisning,  geografisk fordelt i grupper på kvar plass. Tema denne gongen var Palliasjon – dei nødvendige samtalene. Etter ei fin innleiing frå Sunnhordland interkommunale døgnavdeling ved Aasmund Storebø, fekk gruppene på kvar plass drøfte kva dei kan ta med seg inn i eigen arbeidskvardag.

Deltakarane meldte tilbake at dette var ein nyttig og praktisk måte få fagleg oppdatering på, og der  refleksjonen i grupper på kvar arbeidsplass var eit viktig element.

Scroll to Top