Ei julehelsing frå leiar i Strategisk samarbeidsutval

Så nærmar det seg jul og årsslutt for 2022. Dette har vore året der ein skulle få det «vanlege» livet tilbake, der landet skulle gå tilbake til normalen og vi skulle ta kvardagen tilbake. Lite ante vi ved inngangen av 2022 at året skulle pregast av krig i Europa, og at det økonomisk skulle bli krevjande tider.

Bilde av en snømann med julenisselue på

På tross av dette har kommunar og føretak klart å prioritere arbeidet med å få Helsefellesskapet i vår region godt i gang. Ein har arbeidd med å bygge ein struktur vi har stor tru på vil være til god hjelp i det vidare arbeidet med å skape meir samanhengande og berekraftige helse- og omsorgstenester til pasientar som treng tenester frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta.

No er min periode, både som kommunal representant og leiar av SSU over, og eg vil då få takke både føretak og alle kommunane eg har representert for at eg har fått tatt del i eit utruleg spanande og viktig arbeid. I arbeidet har ein vektlagt at føretak og kommunar skal være likestilte partnerar, med felles eigarskap og ansvar for pasientane. Dette vert viktig å fokusere på også vidare, samt å bevare trua på at vi som partnerar vil kvarandre og pasienten vel. På vegne av Strategisk samarbeidsutval i Helse Fonna regionen, vil eg takke for den samarbeidsvilje som er vist og den innsatsen som er gjort i året som er gått.

Med ønske om ei god og fredfull jul!

Leiar i Strategisk samarbeidsutval
Anne Lise Naasen

Scroll to Top