Fagleg nettverk for folkehelse, helsefremjing og førebygging

MANDAT OG ORGANISERING

Overordna mål

Faglege nettverk vert oppretta for å sikre gode pasientforløp på tvers av nivå. Hovudfokus skal vere fagutvikling, pasientforløp og oppfølging av viktige områder i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunane. Nettverket skal og ha oversikt på arena og kanalar for samarbeid på feltet.

Organisering og forpliktelse for partane

  • Samhandlingsutvalet (SU) etablerer og godkjenner faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna, slik det er beskrive i samarbeidsavtalane. Høgskulen på Vestlandet (HVL) inviterast inn i alle faglege nettverk, og deltar der det er relevant.
  • Helse Fonna føretak og kommunane forpliktar seg til deltaking i nettverk som vert oppretta av SU.
  • Medlemmene i nettverket er kontakt- og ressurspersonar for feltet i sin organisasjon. o Arbeidsgivar legg til rette for deltaking og korleis ressurspersonen skal nyttast i eigen organisasjon.
  • Kvar part dekkjer utgifter til deltaking for sine tilsette. Brukarorganisasjonane dekkjer utgifter til deltaking for sine medlemmer, dei kan søkje dekning frå FOUSAM.
  • Nettverket skal ha ein kontaktperson i FOUSAM.
  • Nettverket skal bidra inn i utvikling av pasientforløp og tilhøyrande prosedyrar på tvers av nivå og i utforming av brosjyrar og undervisningsmateriell.
  • SU kan via FOUSAM setje ned arbeidsgrupper med spesifikke og tidsavgrensa oppdrag som får eige mandat.
  • Nettverket skal med bakgrunn i praksis og oversikt på meldte avvik, bidra til å avdekke flaskehalser og utfordringar i pasientforløpa. Ut frå fagleg kompetanse, erfaring, kunnskapsbasert praksis og endring i lovverk, skal nettverket komme med forbetringsforslag til praksis og til samarbeidsavtalane.
  • Fagseminar og liknande skal arrangerast i samarbeid med FOUSAM.
  • Nettverket skal utarbeide ein handlingsplan for kvart år og sende han til FOUSAM innan 30. november.
  • SU vedtek satsingsområder for FOUSAM. Nettverket sin handlingsplan må vere i tråd med satsingsområda. SU kan òg bestille oppdrag hos nettverket via FOUSAM.
  • Nettverket skal rapportere årleg utført aktivitet til FOUSAM, innan 31. januar.
  • FOUSAM samlar rapporteringar frå alle nettverk og rapporterer vidare til SU innan 28. februar kvart år.

Mål for nettverket

  • Mål for nettverket er å styrka folkehelsa i regionen ved å jobbe for ein endring av helsetenestene mot ein meir helsefremmande, førebyggande og heilskapleg teneste og saman bidra til å dempe vekst i forbruk av helsetenestene.
  • Fagnettverket skal vere ein arena for å møtas, utvikla felles språk og ståstad for folkehelsearbeid i kommune og føretak. Det skal fokusera på samanheng i tenestene, kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling.
  • Årsplan/handlingsplan lages utifrå aktuelle samhandlingsområder som nemnd i tenesteavtale 10.
  • Fagnettverket vil på område der det er naturleg samarbeide med allereie etablerte fagnettverk i Helse Fonna, og regionale nettverk for folkehelsearbeid (folkehelseforum).

Bakgrunn for etablering

Oppretting av fagleg nettverk for folkehelse, helsefremjing og førebygging er avtalt i tenesteavtale 10 punkt 5.10.

Nettverket blei vedtatt i SU-møte 22.09.16 etter handsaming av førespurnad frå Haugaland folkehelseforum. Folkehelseforumet så behov for å forankra folkehelsearbeidet i den etablerte strukturen for faglege nettverk i Helse Fonna regionen.

Ein føresetnad for nettverket er at fagnettverket er tverrfagleg og at alle 18 kommunar, helseføretak og høgskule blir invitert inn.

Grunnlagsdokument for etableringa

  • Tenesteavtale 10
  • Lov om folkehelsearbeid (LOV-2011-06-24-29); spesielt kapitel 2 og 3
  • Lov om spesialisthelseteneste (LOV-1999-07-02-61)
  • Lov om smittevern (LOV-1994-08-05-55)
  • Plan og bygningslova (LOV-2008-06-27-71)
  • Pasientrettighetslova (LOV-1999-07-02-63)
  • Helse- og omsorgstenestelova (LOV-2011-06-24-30)
  • Lov om helsemessig og sosial beredskap (LOV-2000-06-23-56)
  • HelseOmsorg21 (Strategi frå helse og omsorgsdepartementet 2014)

Deltakarar i nettverket

  • ressursgruppe og kontaktpersonar (utpeikt av SU) frå føretak, kommunar og høgskule  brukarrepresentantar
  • lokalt næringsliv
  • aktuelle frivillige organisasjonar

Organisering av nettverket

Fagnettverket vert organisert med ei ressursgruppe, ei kontaktpersongruppe og lokalgrupper i kvart sjukehusområde.

Ressursgruppa

Ressursgruppa har ansvar for å utarbeida årsplan/ handlingsplan, vurdera behov for rutinar, arrangere felles fagdag kvart år og gir årleg innspel til oppdatering og justering av vedtekne samhandlingsområder. Gruppa samarbeider med kontaktpersonane og dei lokale gruppene.

Deltakarar

  • 3 kommunale representantar (f.eks. kommunelege, folkehelsekoordinator, frisklivkoordinator, geografisk fordelt)
  • 1 representant frå Høgskulen på Vestlandet
  • 3 representantar frå HF (1 frå somatikk, 2 frå klinikk psykisk helsevern)
  • 1 brukarrepresentant
  • 1 kontaktperson frå FOUSAM

Kontaktpersonar

Kommune og føretak må ha kontaktpersonar med nødvendig kompetanse for aktuelt arbeid på dei områda avtalen dekker.

Det er naturleg at kontaktpersoner er representantar frå dei lokale gruppene.

Deltakarar

  • 1 kontaktperson frå kvar kommune
  • 5 kontaktperson frå føretaket (minst 3 frå klinikk psykisk helsevern, og alle sjukehusområda bør væra representert)
  • 2 brukarrepresentantar
  • 1 representant frå Høgskulen på Vestlandet