Akuttberedskap

Mandat og organisering

Forklaring av forkortingar

Overordna mål for faglege nettverk i Helse Fonna-regionen

Faglege nettverk vert oppretta for å sikre gode pasientforløp på tvers av nivå. Fokus skal vere fagutvikling, pasientforløp og oppfølging av viktige områder i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunane. Nettverka skal òg ha oversikt på arena og kanalar for samarbeid på feltet.

Organisering og forpliktelse for partane

  • Samhandlingsutvalet (SU) etablerer og godkjenner faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna, slik det er beskrive i samarbeidsavtalane. Høgskulen på Vestlandet (HVL) vert invitert inn i alle faglege nettverk, og deltar der det er relevant.
  • Helse Fonna føretak og kommunane forpliktar seg til deltaking i nettverk som vert oppretta av SU.
  • Medlemmane i nettverket er kontakt- og ressurspersonar for feltet i sin organisasjon.
    – Arbeidsgivar legg til rette for deltaking og korleis ressurspersonen skal nyttast i eigen organisasjon.
  • Kvar part dekkjer utgifter til deltaking for sine tilsette. Brukarorganisasjonane dekkjer utgifter til deltaking for sine medlemmer, dei kan søkje dekning frå FOUSAM.
  • Nettverket skal ha ein kontaktperson i FOUSAM.
  • Nettverket skal bidra inn i utvikling av pasientforløp og tilhøyrande prosedyrar på tvers av nivå og i utforming av brosjyrar og undervisningsmateriell.
  • SU kan via FOUSAM setje ned arbeidsgrupper med spesifikke og tidsavgrensa oppdrag som får eige mandat.
  • Nettverket skal med bakgrunn i praksis og oversikt på meldte avvik, bidra til å avdekke flaskehalser og utfordringar i pasientforløpa. Ut frå fagleg kompetanse, erfaring, kunnskapsbasert praksis og endring i lovverk, skal nettverket komme med forbetringsforslag til praksis og til samarbeidsavtalane.
  • Fagseminar og liknande skal arrangerast i samarbeid med FOUSAM.
  • Nettverket skal utarbeide ein handlingsplan for kvart år og sende den til FOUSAM innan 30. november.
  • SU vedtek satsingsområder for FOUSAM. Nettverket sin handlingsplan må vere i tråd med satsingsområda. SU kan òg bestille oppdrag hos nettverket via FOUSAM.
  • Nettverket skal rapportere årleg utført aktivitet til FOUSAM, innan 31. januar.
  • FOUSAM samlar rapporteringar frå alle nettverk og rapporterer vidare til SU innan 28. februar kvart år.
  • Faglege nettverk møter i SU ein gong per år for å legge fram og få innspel på arbeidet i nettverket.

Mål for nettverk

Overordna mål for fagnettverket Akuttberedskap er å følgje opp samarbeidet som er avtalt i tenesteavtale 11 og slik bidra til at befolkninga ved behov for øyeblikkeleg hjelp mottar forsvarlege og koordinerte akuttmedisinske tenester utafor sjukehus.

Bakgrunn for etablering

Nettverket er etablert med bakgrunn i tenesteavtale 11 der kommunar og føretak forpliktar seg til samarbeid om planar og samhandling i den akuttmedisinske kjeda slik at tilbodet samla blir tilgjengeleg og av god kvalitet.

Fagnettverket sine oppgåver

  • følgje opp tenesteavtale 11 og foreslå endringar
  • utarbeide ein årleg møteplan der tema for møta skal ha utspring i det som er felles for partane og som er forankra i avtalen
  • gå gjennom avvik innan beredskap/akuttmedisin for å forbetre prosedyre og rutinar. Avvika skal oversendast og avsluttast i overordna organ

Grunnlagsdokument for etableringa

Plikta til å utarbeide vedtekne beredskapsplanar er slått fast i helse- og omsorgsloven og i spesialisthelsetenesteloven. I samsvar med overordna nasjonal helse- og sosialberedskapsplan (2007) skal kommunar og helseføretak samordne beredskapsplanane sine. Fylkesmannen har, som sektor- og samordningsmyndigheit, fått ei sentral rolle i samordning og koordinering. Ein viser også til forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid m.m. etter Lov om helsemessig og sosial beredskap (2001-07-23).


I forskrifta pkt. 4 Samhandling mellom akuttmedisinske tenester heiter det: «Dei regionale helseføretaka og kommunane skal sikre ein rasjonell og koordinert innsats i dei ulike ledda i den akuttmedisinske kjeda, og sørgje for at innhaldet i desse tenestene er samordna med dei andre nødetatane, hovudredningssentralane og andre styresmakter. Organiseringa av dei akuttmedisinske tenestene skal leggjast slik til rette at personell i desse tenestene får trening i samhandling. Ved etablering og drift av akuttmedisinske tenester skal tenestene kunne kommunisere internt og på tvers av etablerte kommune- og regiongrenser i eit felles, lukka einskapleg og landsdekkjande kommunikasjonsnett.»

Avtalen byggjer på

  • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (LOV-2011-06-24-30)
  • Lov om spesialisthelsetenester (LOV-1999-07-02-61)
  • Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (LOV-1999-07-02-62)
  • Lov om helsemessig og sosial beredskap (LOV-2000-06-23-56)
  • Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus (HOD) (FOR-2005-03-180252)
  • Aktuelle forskrifter
  • Overordna samarbeidsavtale mellom Helse Fonna og kommunane med tenesteavtalar
  • Nasjonal rettleiar: Samhandlingsreforma – Lovpålagde samarbeidsavtalar mellom kommunar og regionale helseføretak/ helseføretak (HOD)
  • Regional plan for helsemessig og sosial beredskap i Helse Vest 2012-2014. (revidert 2015)
  • Anna relevant regelverk
  • Opplistinga er ikkje uttømmande
  • Forskrift om kommunal beredskapsplikt (2011)

Deltakarar i nettverket

Nettverket skal fungere som eit samarbeidsutval som består av fem-seks representantar frå føretaket og fem-seks representantar frå kommunane. Det er ønskelig med brei deltaking frå administrativ og operasjonell verksemd i fagnettverket.

Utvalet bør ha representasjon frå alle deler av den akuttmedisinske kjeda. Representantane bør ha forankring på høgt nivå når det gjeld beredskapsarbeid, både i kommune og føretak. Alle sjukehusområde bør vere representert. I samansetting av utvalet må det takast omsyn til både prehospitale tenester og beredskap, infrastruktur og erfaring og kompetanse på risikokartlegging og oversikt på kommunane sitt generelle beredskapsarbeid.

Utvalet kan supplerast ved behov av representantar frå andre sektorar og frivillige organisasjonar. Desse representantane har ikkje stemmerett.

   Helse Fonna føretak

Anne Hilde Bjøntegård, klinikkdirektør (leiar)
Dag Helge Rønnevik, praksiskonsulent Helse Fonna
Marianne Lund Andersen, seksjonsleder Valen
Ingunn Olin Haugen, seksjonsleder Odda
Reidun Rasmussen Mjør, klinikkdirektør Stord sjukehus
Randi Ofstad, smittevernoverlege
Robert Holmstrøm, områdeleder Stord internservice

Kommunar

Aslaug Irene Skjold, helsesjef Karmøy kommune
Jostein Helgeland, kommuneoverlege Haugesund kommune
Andre Opland, kommuneoverlege Kvinnherad
Lars Helge Sørheim, kommunelege Stord kommune
Inga Cecilie Sørheim, fastlege Sauda kommune
Lars Johan Lysen, kommuneoverlege Tysvær kommune

Organisering av nettverket

Leiing
Nettverket konstituerer seg sjølve med utnemning av leiar- og nestleiar; éin frå kommune og éin frå føretak. Gruppa avtalar møteplan og frekvens etter behov.