Fagnettverk kommunalt ØH døgntilbod

MANDAT OG ORGANISERING

Overordna mål for faglege nettverk

Faglege nettverk vert oppretta for å sikre gode pasientforløp på tvers av nivå. Hovudfokus skal vere fagutvikling, pasientforløp og oppfølging av viktige områder i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunane. Nettverket skal og ha oversikt på arena og kanalar for samarbeid på feltet.

Organisering og plikter for partane

  • Samhandlingsutvalet (SU) etablerer og godkjenner faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna, slik det er beskrive i samarbeidsavtalane. Høgskulen på Vestlandet (HVL) vert invitert inn i alle faglege nettverk, og deltar der det er relevant.
  • Målgruppa for fagnettverket kommunalt ØH-tilbod, er dei institusjonane som driv kommunale ØH-døgntilbod.
  • Helse Fonna føretak og kommunane forpliktar seg til deltaking i nettverk som vert oppretta av SU.
  • Medlemmene i nettverket er kontakt- og ressurspersonar for feltet i sin organisasjon.
    – Arbeidsgivar legg til rette for deltaking og korleis ressurspersonen skal nyttast i eigen organisasjon.
  • Kvar part dekkjer utgifter til deltaking for sine tilsette. Brukarorganisasjonane dekkjer utgifter til deltaking for sine medlemmer, dei kan søkje dekning frå FOUSAM.
  • Nettverket skal ha ein kontaktperson i FOUSAM.
  • Nettverket skal bidra inn i utvikling av pasientforløp og tilhøyrande prosedyrar på tvers av nivå og i utforming av brosjyrar og undervisningsmateriell.
  • SU kan via FOUSAM setje ned arbeidsgrupper med spesifikke og tidsavgrensa oppdrag som får eige mandat.
  • Nettverket skal med bakgrunn i praksis og oversikt på meldte avvik, bidra til å avdekke flaskehalser og utfordringar i pasientforløpa. Ut frå fagleg kompetanse, erfaring, kunnskapsbasert praksis og endring i lovverk, skal nettverket komme med forbetringsforslag til praksis og til samarbeidsavtalane.
  • Fagseminar og liknande skal arrangerast i samarbeid med FOUSAM.
  • Nettverket skal utarbeide ein handlingsplan for kvart år og sende han til FOUSAM innan 30. november.
  • SU vedtek satsingsområder for FOUSAM. Nettverket sin handlingsplan må vere i tråd med satsingsområda. SU kan òg bestille oppdrag hos nettverket via FOUSAM.
  • Nettverket skal rapportere årleg utført aktivitet til FOUSAM, innan 31. januar.
  • FOUSAM samlar rapporteringar frå alle nettverk og rapporterer vidare til SU innan 28. februar kvart år.

Mål for nettverket

Hovudmålet er trygg ivaretaking og rett og formålstenleg forløp for den enkelte pasient.

Nettverket skal:

  • bidra til eit robust og mest mogleg likeverdig tilbod, uavhengig av dei ulike tenestene sin størrelse og lokalisering
  • vera ein felles arena for erfaringsutveksling og fagutvikling for alle kommunale øyeblikkelig døgntilbod i Helse Fonna sitt opptaksområde
  • bidra til tydeleg informasjon om det kommunale ØH tilbodet som gjer tilvisar i stand til å tilvise dei pasientane som best kan nyttiggjere seg tilbodet.
  • bidra til å få på plass eit felles rapporteringssystem som er ei viktig kjelde til fagutvikling og forsking

Bakgrunn for etablering

Frå 01.01.2016 vart alle kommunar pålagt å ha eit kommunalt øyeblikkelig hjelp døgntilbod. Nokre kommunar har valt å ha dette tilbodet i sine respektive kommunar medan andre har valt å kjøpe denne tenesta frå andre kommunar eller inngå kommunalt samarbeid. I januar 2017 arrangerte FOUSAM ei felles samling for alle kommunale ØH døgn-tilbod i Fonna-regionen, etter ønskje frå fleire kommunar. FOUSAM har tidlegare organisert kompetansepakke for alle som skulle starte opp og ivareteke brukarundersøkinga som er felles for alle tilboda. På samlinga var alle tilboda i regionen representert i tillegg til representantar frå føretaket. Deltakarane gav uttrykk for at det å møtast på tvers av kommunar og med føretaket, var eit viktig bidrag til kvalitet og samarbeid. Det kom fram ønskje om å danne eit fagleg nettverk, dette fekk støtte hos leiinga i kommunane som har slike tilbod, i føretaket og i SU.

Grunnlagsdokument for etableringa

  • Tenesteavtale 4 og tilhøyrande særavtale4
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (LOV-2011-06-24-30)
  • Lov om spesialisthelsetenester (LOV-1999-07-02-61)
  • Lov om psykisk helsevern (LOV-1999-07-02-62)
  • Overordna samarbeidsavtale mellom Helse Fonna og kommunane med tenesteavtalar
  • Nasjonal rettleiar: Samhandlingsreforma – Lovpålagde samarbeidsavtalar mellom kommunar og regionale helseføretak / helseføretak (HOD)
  • Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015)
  • Rettleiingsmateriell frå helsedirektoratet: «Kommunens plikt til å yte øyeblikkelig hjelp døgnopphald» 04/2016
  • Anna relevant regelverk

Opplistinga er ikkje uttømmande.

Deltakarar i nettverket og organisering

  • Deltakarar frå alle kommunale ØH-døgntilbod i Helse Fonna-regione: Sjukepleiar, lege og avdelingsleiar eller tilsvarande.
  • Helse Fonna Lege frå medisinsk avdeling, geriatrisk sjukepleiar og representant frå samhandlingseininga. Eventuelt andre etter behov.
  • Brukarrepresentantar Representantar frå brukarane som har erfaring med tilbodet (1-3 stk.).
  • Høgskulen på Vestlandet Kan delta med 1-2 representantar.
  • Kontaktperson i FOUSAM
  • Ressursgruppe: Fagnettverket vel seg ei ressursgruppe på minimum 3-4 personar som inkluderer leiar og nestleiar for nettverket. Dei skal førebu samlingar, vere kontaktpunkt mellom samlingane og følgje opp arbeidet.
    – Kommunerepresentantar: 2
    – Brukarrepresentant: 1
    – Representantar frå Helse Fonna: 1
  • Leiing Nettverket konstituerer seg sjølv der både leiar og nestIeiar er frå kommunane. Nettverket avtalar møteplan og frekvens etter behov.