Folkehelse

Fagleg nettverk for folkehelse, helsefremjing og førebygging blei oppretta av Samhandlingsutvalget i Helse Fonna.

Handlingsplan 2019

Mål for nettverket (frå mandat)

  • Mål for nettverket er å styrka folkehelsa i regionen ved å jobbe for ein endring av helsetenestene mot ein meir helsefremmande, førebyggande og heilskapleg teneste og saman bidra til å dempe vekst i forbruk av helsetenestene.
  • Fagnettverket skal vere ein arena for å møtas, utvikla felles språk og ståstad for folkehelsearbeid i kommune og føretak. Det skal fokusera på samanheng i tenestene, kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling.
  • Årsplan/handlingsplan lages utifrå aktuelle samhandlingsområder som nemnd i tenesteavtale 10.
  • Fagnettverket vil på område der det er naturleg samarbeide med allereie etablerte fagnettverk i Helse Fonna, og regionale nettverk for folkehelsearbeid (folkehelseforum).

Tenesteavtale 10

Samhandlingsområder

  • helseovervaking, inkludert analyse av befolkninga sin helsetilstand og påverknadsfaktorar
  • smittevern
  • tiltak retta mot barn og unge
  • førebyggjande arbeid retta mot eldre
  • forsking- og utviklingsprosjekt
  • kornpetanseheving
  • levevanar —sjukdommar som kan førebyggjast
  • tiltak for å redusera sosial ulikhet i helse
  • tiltak knytt til det lokale utfordringsbildet

Folkehelsearbeidet- i spenningsfeltet mellom helsetjenesten og befolkningen

Fagleg nettverk for folkehelse, helsefremjing og førebygging arrangerte fagdag for kommunekontaktane og spesielt inviterte gjester på Tysværtunet 22. januar i 2019.

Hovedførelesar var professor Geir Sverre Braut, og tema for dagen var:

Folkehelsearbeidet – i spenningsfeltet mellom helsetenesta og befolkninga. Korleis kan førebyggande arbeid og klinisk innsats trekka i same retning? Ulike tema ble berørt, som f. eks:

  • Kva legg me i omgrepa me bruker om folkehelsearbeidet?
  • Kva satsar me på i folkehelsearbeidet? Innsats for dei store gruppene eller høyrisikogrupper?
  • Kva er helse – kva er sjukdom? Og den politiske konteksten

På fagdagen blei det også presentert to lokale eksempler på redskaper/ tilnærming til folkehelsearbeid.  Eksemplene viste hvordan de jobbet med utfordringer og ressurser på ulike måter, og hvor viktig samhandling og gode forløp er for å skape helse og mestring hos innbyggerne. Inger Lise Bratteteig presenterte BTI som redskap for oppfølging, samhandling og hvordan få fram den aktuelle brukers stemme. Mens Marianne Fjeldheim presenterte resultater fra kols-rehabilitering i sykehuset og hvilken effekt intensivtrening hadde for den enkelt deltaker.

Gruppearbeidet som avsluttet dagen ble en nyttig øvelse i å konkretisere tema/problem for innsats i folkehelsearbeidet og bevisstgjøre oss på hvor innsatsen bør settes inn.

Ressursgruppa for nettverket bruker innspel frå fagdagen til å laga handlingsplan for 2019 og å sjå på høver for felles satsingsområder i Helse Fonna.

Fagleg nettverk for folkehelse, helsefremjing og førebygging

Fagleg nettverk for folkehelse, helsefremjing og førebygging var samla til sitt første møte mandag 29. januar 2018. Nettverket er forankra i tenesteavtale 10, der oppgavene blir beskrive som å fokusera på samanheng i tenestene, kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling.

Under oppstartsmøte fekk brukarrepresentantar, føretak- og kommuneansatte informasjon om fagnettverka knytta til FOUSAM og organiseringa av desse. Arbeidet som blei gjort i tankesmia om folkehelse på initiativ av Dag Helge Rønnevik høsten 2017 blei òg videreformidla.

Engasjerte deltakarar fordjupa seg i nettverket sitt mandat og kom med konkrete ønsker og idear for korleis arbeidet i nettverket kan bli tatt vidare. Ressursgruppa som blei valt ut tar med seg desse tankane når handlingsplan for nettverket skal bli utarbeida.

Nettverket er klar for ein samlet innsats for folkehelsearbeid i Helse Fonna-regionen samstundes som ein speler på allereie etablerte nettverk og grupper.

Tankesmie om folkehelse

Kva handlar eigentlig folkehelse om? Dette var tema då personar frå ulike sektorar møtte kvarandre i ei tankesmie november 2017, arrangert av fagnettverk for folkehelse i samarbeid med et phd-prosjekt ved NTNU.

kompendium «Snakker vi samme språk? En tankesmie om terminologi i folkehelsearbeidet på tvers av sektorer.»

Sjå filmane frå tankesmia og delta gjerne i samtalen.

Kontakt

Kontaktperson: Anna Henriette Hovland