FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

OVERORDNA SAMARBEIDSAVTALE

6.2 Samhandlingsutvalet

Samansetning

Utvalet består av fire representantar frå kommunane, fire representantar frå Helse Fonna HF og to brukarrepresentantar. Leiar av FOU-eininga har møte- og talerett. I tillegg har HSH éin representant med møte- og talerett som endrar status til reelt medlem i saker som omhandlar FOU-eining for samhandling. Medlemmene vert valde for to år.

Arbeidsform

Utvalet konstituerer seg sjølve. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar mellom helseføretaket og kommunane annakvart år. Den parten som leier utvalet, skal òg syta for sekretærfunksjonen. For å ivaretaka sekretærfunksjonen for kommunane vert det oppretta ei koordinatorstilling på 50%. Stillinga vert lagt til felles FoU-eining og Samhandlingsutvalet tilset i stillinga. Tillitsvalde skal vera med i tilsettingsprosessen.

Mandat og myndigheit

  • følgja opp og halda ved like denne samarbeidsavtalen med vedlagde tenesteavtalar
  • handsama saker av prinsipiell administrativ, fagleg og økonomisk karakter som gjeld samhandling om pasientar/brukarar
  • oppretta samhandlingsnettverk og faglege nettverk for ulike område
  • godkjenna rutinar og prosedyrar som gjeld samhandling om felles pasientar, etter forslag frå samhandlingsnettverk og faglege nettverk eller frå ein eller fleire av partane. Arbeida med kvalitetsforbetring, gå gjennom avviksstatistikk og behandla avvik på systemnivå.
  • arrangera felles arenaer for samhandling (toppleiarforum)
  • fokusera på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring og felles møteplassar
  • bidra til å utvikla og spreia gode modellar for samhandling
  • gje mandat og mynde til FOU-eining for samhandling og følgje opp arbeidet

TENESTEAVTALE 6

Mellom Haugesund kommune og Helse Fonna HF Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

4 Felles arenaer og ordningar for kompetanseheving, kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling Partane skal nytte følgjande fora og arenaer, som er regulert i overordna samarbeidsavtale, for kompetanseheving, kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling:

  • Toppleiarforum
  • Samhandlingsutvalet
  • FOU-eining for samhandling
  • Faglege nettverk

Faglege nettverk vert oppretta av samhandlingsutvalet. Faglege nettverk kan etablerast når det er behov for å samordne tenester, kompetanse og fagutvikling i kommunar og helseføretak. Det overordna koordineringsansvaret for drift av nettverket skal leggjast til samhandlingsutvalet.

Helse Fonna HF skal vidareutvikle den praksiskonsulentordninga som gjeld no. Partane skal syte for fungerande faglege forum for legar i lokalsjukehusområda for å sikre tilfredsstillande informasjonsflyt og informasjonsutveksling.

Ambulerande team og tenester skal nyttast til m.a. kompetanseheving og kunnskapsoverføring på område der det er mogleg og tenleg.

Utvalet skal revidere og vidareutvikle hospiteringsavtalen som gjeld mellom partane. Formålet med dette er å sikre at partane skal ha ei forpliktande gjensidig hospitering for å få auka kompetanse og kunnskap om kvarandre.

TENESTEAVTALE 7

Mellom Haugesund kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

4 Aktuelle samarbeidsområde

4.1 Samarbeidsfora for forsking og utvikling/innovasjon

Samhandling om forsking og utviklingsarbeid/innovasjon som støttar under intensjonane i samhandlingsreforma, skal forankrast i ei felles eining for forsking, utvikling/innovasjon og utdanning/kompetanseheving (FOU-eining for samhandling). Dette arbeidet må sjåast i samanheng med tenesteavtale 6 (om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling) og samarbeidsavtalen med Høgskulen på Vestlandet (HVL).

5 Oppgåve- og ansvarsfordeling

5.1 Felles ansvar for helseføretak og kommune

Begge parter har ansvar for å opprette, utvikle, vidareutvikle og evaluere nye og eksisterande samhandlingstiltak.

Partane skal leggje til rette for å rapportere og formidle ny kunnskap og nye forskingsresultat.

Det skal arrangerast felles konferansar med aktørar frå kommunale helse- og omsorgstenester, føretaket og utdanningsinstitusjonar, med fokus på samhandling og kvalitetsutvikling. Innanfor aktuelle tema skal partane bidra til kunnskapsbasert praksis og til at forsking blir implementert og teke i bruk.

Samhandlingsutvalet ved FOU-eininga skal utarbeide oversikt over arenaer for kunnskapsoverføring. Nye tiltak som gjeld samhandling mellom HF og fleire kommunar, skal rapporterast til samhandlingsutvalet. (jf.overordna samarbeidsavtale)

Begge partar har ei viktig oppgåve med å rekruttere, behalde og utvikle medarbeidarar. For å kunne møte behovet for heilskaplege og samansette tenester i helse- og omsorgstenesta, er det nødvendig å samarbeide med utdanningsinstitusjonane. Samhandlingskompetanse må også byggjast gjennom grunnutdanningane, og gjennom etter- og vidareutdanningane. Partane vil leggje til rette for slik kompetanseutvikling i praksisdelen av utdanningane, og i samarbeid med utdanningsinstitusjonane om innhaldet i utdanningane. Tilbod om felles etterog vidareutdanningar må utviklast innanfor tema som har relevans for begge partar.

Partane vil delta i eit felles arbeid med å avklare utdanningsbehov i kommune- og spesialisthelsetenesta på kort og lang sikt. Det bør utviklast strategiske kompetanseplanar, som kan nyttast i samarbeidet med utdanningsinstitusjonane for å dimensjonere og utvikle relevante utdanningstilbod i regionen.

Partane skal fastsetje eigne planar for praksisplassar og læreplassar. Her må det inngå planar for korleis ein vil styre og kvalitetssikre oppfølginga av studentar og lærlingar. Dette arbeidet må inkludere representantar frå utdanningsinstitusjonane og bør også vere ein arena der ein formidlar gode løysingar og deler erfaringar om ulike praksismodellar.

Praksisutviklingsprosjekt der hogskule og praksis deltek, må vidareførast, men bør også inkludere prosjekt der samhandling blir vektlagt.

Intemopplæring og tilbod til lærlingar.

Samarbeid om læretid for helsefaglærlingar bør ha særleg fokus. Partane må så langt råd er leggje til rette for at lærlingane frå kommunen får tilbod om praksis frå spesialisthelsetenesta, og motsett.

Partane vil samarbeide om internopplæring som er aktuell for å betre samhandlinga mellom partane.

TENESTEAVTALE 9

Mellom Haugesund kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

4 Arenaer og organ for samhandlinga

4.1 Rådgjevande gruppe, IKT

Samhandlingsutvalet opprettar og gjev mandat til ei brei og funksjonelt samansett IKT-rådgjevande gruppe (klinikarar og IKT-personell – både frå helseføretaket og kommunane, inkludert representant for fastlegane). Gruppa kan knytast opp mot felles FOU-eining, sjå tenesteavtale 7.