FOUSAM-teamet er opptatt av å være fagleg oppdaterte, og har eit ansvar for å bidra til å spre ny kunnskap. I år handlar det i stor grad om å møte tida me er i gjennom gode digitale tilbod.
Takka vera læring- og mestringsnettverket i Helse Vest, hadde me i november moglegheit for å invitera Vibeke Holtskog til å ha ein digital workshop for oss. Læring- og mestringsteamet i Helse Fonna hadde ansvar for dagen. FOUSAM-teamet deltok saman med arbeidsgruppa for helsepedagogikk, og læring- og mestringskontaktane ved Stord og Odda sjukehus vart også inviterte med.
Holtskog er utdanna språklærar med fordjuping i didaktikk, og har vidareutdanning innan retorikk, kommunikasjon og leiing. Ho er medforfattar av fleire lærebøker innan språk, motivasjon og didaktikk, både for grunnskole og universitet.
I 2018 ga ho ut eiga bok «Formidling som funker – Din guide til gode presentasjoner» (Universitetsforlaget). Denne er FOUSAM-teamet godt kjend med, og den er mellom anna ein del av kunnskapsgrunnlaget i utvikling av FOUSAM sitt eige formidlingskurs.
Temaet for dagen var korleis gje god digital pasient- og pårørandeopplæring i grupper, med hovudfokus på korleis fremje dialog og erfaringsutveksling. Noko me veit frå erfaring kan vera utfordrande, når me ikkje er fysisk saman.
Takk til Vibeke Holtskog for ein motiverande dag! Me ser fram til å ta i bruk den nye kunnskapen gjennom nettverksarbeid og når me skal arrangere ulike kurs i 2021.