Funksjonsbeskriving Lærings- og meistringsteamet

Funksjonsbeskriving gjeld Lærings- og meistringsteamet (LMS-team) i FoU-eining for samhandling (FOUSAM). Teamet skal i samhandling med spesialisthelsetenesta, kommunane og høgskulen arbeida for at pasientar/brukarar får opplæring/lærings- og meistringstilbod (LM-tilbod) som dei har krav på i høve til gjeldane lovverk og tenesteavtalar. Teamet innehar kompetanse på arbeidsmetodikken til Lærings- og meistringssentra (LMS); standard metode, generell pedagogikk og samhandlingskompetanse.

Forankring/organisering

  • Arbeidsgjevaransvar blir ivareteke av den eining som avgjer ressursar til LMS-teamet i FOUSAM
  • Fagleg leiing blir ivareteke av LMS-leiar. Denne er fast medlem i FoU-eining for samhandling sine driftsmøte og arbeidar tett saman med FOUSAM-leiar.
  • Beholder dagens kontor men bruker kontor og møtelokale i FOUSAM etter fastsatt plan

Helsepedagogisk ressurssenter

  • Opplæring i metodikk for pasient- og pårørandeopplæring
  • Samtale og endringsmetodikk, som Motiverande intervju (MI) og Løsningsfokusert tilnærming (LØFT)
  • Opplæring i grupper
  • LMS-metodikk (standard metode)
  • Utvikla kursleiarpakkar

Samarbeid med brukarar

  • • Brukarutdanning/kompetanse
  • • Nettverk
  • • Bindeledd til brukarorganisasjonar/kontaktar

Samarbeid med fagpersonar i spesialisthelsetenesta og i kommune

  • Kompetanse (helsepedagogikk/kursleiarpakkar)
  • Veiledning
  • Opplæring i praktisk gjennomføring ved gruppebasert opplæring
  • Gi støtte ved oppstart av nye kurs i planlegging og gjennomføring
  • Fagsamlingar/fagdagar

Pasientforløp

  • Samarbeid med fagseksjonar i spesialisthelsetenesta og kommune om opplæring/LM-tilbod i pasientforløpa
  • Tilrettelegge for at opplæring av pasient og pårørande/LM-tilbod blir ivaretatt i spesialisthelsetenesta og i kommunane

Oversikt på gruppebasert opplæring av pasient- og pårørande/LM-tilbod

  • Kommunalt
  • Spesialisthelsetenesta

Markedsføring

  • Av tilbod for både brukar, pasient og fagpersonar

Samhandling spesialisthelsetenesta og kommunar

  • • Drifte fagnettverk for lærings- og meistringskontaktar i Helse Fonna
  • • Samarbeida med kontaktpersonar for opplæring i fagseksjonane