Gode tilbakemeldingar frå foreldregruppa

Miriam Johannessen, familierettleiar, helsestasjonen på Bømlo, Lene Sortland Nesse, assisterande styrar Maurtua barnehage SA, Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM, Sølvi Heimestøl, rådgjevar og prosjektleiar FOUSAM og Helse Fonna.
Maren Johannessen, brukarrepresentant, helsestasjonen på Bømlo var ikkje til stades da bildet vart tatt). FOTO: Terje Rudi

-Vi er stolte av å vere ein del av dette!

Det var oppsummeringa frå arbeidsgruppa som planla og gjennomførte foreldregruppe i barnehagen i Bømlo kommune, hausten 2019. Deltakarar i gruppa var foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne.

Tilbakemeldingane viste at det å delta i gruppa betydde ein forskjell.
-Vi fekk bidra med verktøy til foreldra for mestring av kvardagen, og ikkje minst, dei fekk treffe andre i same situasjon, seier deltakarar.

Det er andre gong foreldregruppe i barnehagen vert gjennomført i Bømlo, og er eit samarbeid mellom Maurtua barnehage, helsestasjonen i Bømlo, FOUSAM og Helse Fonna. Tilbodet er blitt ein fast del av oppfølginga av familiar med barn som har nedsett funksjonsevn i kommunen.

-Det er ikkje tvil om at dette er rett bruk av ressursar, det er eit førebyggjande tiltak for heile familien når eit eller fleire barn har varige helseutfordringar, seier Miriam Johannessen, Familierettleiar i Bømlo kommune.

Her finn du brosjyren for tilbodet og meir om opplegget. Arbeidet starta som eit prosjekt og har òg vore prøvd ut i Tysvær kommune. Her finn du prosjektrapportane.

Ønsker du å høyre meir om opplegget eller starte foreldregruppe i din kommune?

Ta kontakt med rådgjevar i FOUSAM Sølvi Heimestøl

Arbeidsgruppa besto av

Miriam Johannessen, familierettleiar, helsestasjonen på Bømlo
Lene Sortland Nesse, assisterande styrar Maurtua barnehage SA
Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM
Maren Johannessen, brukarrepresentant, helsestasjonen på Bømlo
Sølvi Heimestøl, rådgjevar og prosjektleiar FOUSAM og Helse Fonna.

Scroll to Top