Kreftomsorg og lindrande behandling

Nettverket i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde har eksistert sidan 2003. Frå og med 01.02.2015 blei nettverket godkjent av Samhandlingsutvalget som fagleg nettverk mellom kommunane og Helse Fonna, og tilslutta FOUSAM.

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling er eit samarbeid mellom kommunane i Helse Fonna-området, Helse Fonna HF, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB), Høgskulen på Vestlandet, Kreftomsorg Rogaland og Kreftforeningen Distrikt Vestlandet.

Mandat

Mandat for nettverket vart vedtatt av Samhandlingsutvalet 12. desember 2014 og bygger på tidlegare avtala om samordning i felles nettverk. ​

Organisering

Nettverket har ei styringsgruppe med ein representant frå kvar av partane Helse Fonna, kommunane, Høgskulen på Vestlandet, KLB og Kreftforeningen. Sjukepleiarnettverket og fysio- og ergoterapinettverket har kvar si driftsgruppe med ansvar for den daglege drifta av nettverket. Leiaren for begge driftsgruppene er med i styringsgruppa. ​​

Mål og satsingsområde 

Mål for nettverket er kompetanseheving, samhandling og samarbeid slik at kreftpasientar og andre pasientar med trong for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik på alle nivå i helsetenesta.

Det er valgt ut satsingsområde for nettverket ut frå strategiplanen. I 2016 vil ein ha fokus på:

  • Fokus på hjelparen, korleis ivareta hjelparen når hjelparen står i store utfordringar og/eller når hjelparen gjer feil. Tema på årleg fagdag 2018.
  • Fokus på ulike cellegift- og immunterapibehandlingar, kva bivirkningar o.a. bør ressurspersonane kjenna til
  • Formidlingsteknikk
  • Hospitering
  • Å få innarbeidd møte mellom ressursperson og næraste leiar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Alle nettverksgruppene får same faglege undervisning
  • Lokal fastlege/sjukeheimslege/sjukehuslege får invitasjon til lokalt nettverksmøte
  • Arrangera lokal palliativ fagdag
  • Markera Verdensdagen for lindrande behandling

Informasjon 

Meir informasjon frå nettverket finn du på Helse-Bergen sine sider.

Kontakt

Kontaktperson: Astrid Håland