Lærte å bli betre til å hjelpa

Hildegunn Gram og Anna Lise Sortland. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Over tre dagar lærer helsetilsette i Helse Fonna-regionen om formidling, kommunikasjon, rettleiing og samhandling. Dei er på helsepedagogikkurs.

Kurset i Helsepedagogikk går over tre dagar kvar haust. Det blir arrangert på ulike tettstader i Helse Fonna, hausten 2019 blei det haldt på Stord.

Dag to omhandlar gode verktøy i møte med pasient og pårørande. Dagen startar med ein bolk som handlar om kognitiv og sosial læringsteori. Kva er det tankane gjer med oss?
– Tankane er ei viktig drivkraft i høve til korleis me forstår verda, og korleis me forstår samanhengen mellom tankar og kjensler, seier Sigrid Bøthun, leiar for psykisk helsevern ved Lærings- og meistringsnettverket i Helse Fonna.

Snart skal kursdeltakarane gjera praktiske oppgåver for å læra seg helsefremjande tenking og pedagogiske verktøy, i samarbeid mellom erfarne brukarar og helsepersonell.

Sigrid Bøthun. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Får konkrete verktøy

Kurs i helsepedagogikk er ein modul i det helsepedagogiske tilbodet hos FoU-eining for samhandling (FOUSAM). Målgruppa er tilsette og brukarar i spesialist- og kommunehelsetenesta som er engasjert i helsefremjande og førebyggande arbeid, på gruppe- eller på individnivå. Ei av dei som er kurs er Kjersti Halsne, helsesjukepleiar i Sveio kommune.
– Eg er på kurs for å få konkrete verktøy for å jobba på barneskule og med foreldre. Eg ser at me lærer mykje nyttig som eg kan bruka i jobben min, seier ho.

Kjersti Halsne og Alf Anvedsen. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Livslang læring

Brukarrepresentant Alf Anvedsen meldte seg på kurset for å sjå korleis Lærings- og meistringssenteret jobbar med helsepedagogikk.
– Eg tenker på korleis eg kan bruka det i livet og i høve til familien min, seier 72-åringen som driv med presentering og veiledning som leiar av interessepolitisk utval i Brukarhuset i Helse Fonna-regionen.
– Eg er glad i å læra, seier han.

Over tre dagar kvar haust lærer helsetilsette i Helse Fonna-regionen om formidling, kommunikasjon, rettleiing og samhandling. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Feiar på kurs

Hildegunn Gram er den einaste feiaren på kurset. Ho er feiar i Stord brann- og redning og meldte seg på kurset saman med kollega Anna Lise Sortland som er ergoterapeut i Stord kommune. Dei to jobbar saman om å læra 78-åringar i kommunen om brannsikkerhet og tilrettelegging for å gå aldersdomen trygt i møte.
– Kurset er veldig kjekt og nyttig i høve til jobben vår, seier Gram. Sortland er eining.
– Det er praktisk nyttig for oss å gå på kurs saman, seier ho og fortel at dei lærer konkrete metodar for å gå i dialog med brukarar om kva dei kan gjera for å bli meir trygge.
– Det er viktig for oss å høyra frå erfaringsmedarbeidarar, seier Sortland.

F.v: Cathrine Kvamsø Olsen, LMS-rådgjevar, Karoline Taraldsøy, brukarrepresentant, Janne-Elin Trondsen, brukarrepresentant, Emy Kirkhus Dale, LMS-medarbeidar, Christense Eileraas Eek, LMS-medarbeidar, Sigrid Bøthun, LMS medarbeidar, Aase Borgen Haktorson, LMS-medarbeider. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Nye kurs

Helsepedagogikkurset blir laga av Lærings- og meistringsnettverket i Helse Fonna i samarbeid med læringskrefter frå Høgskulen på Vestlandet, med representantar frå Tysvær og Stord kommune, Helse Fonna og brukarrepresentantar. Neste helsepedagogikkurs blir arrangert neste haust i ein annan kommune i Helse Fonna.

Scroll to Top