Nettverk for lærings- og meistringstilbod

MANDAT OG ORGANISERING

Overordna mål

Faglege nettverk vert oppretta for å sikre gode pasientforløp på tvers av nivå. Hovudfokus skal vere fagutvikling, pasientforløp og oppfølging av viktige områder i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunane. Nettverket skal og ha oversikt på arena og kanalar for samarbeid på feltet.

Organisering og forpliktelse for partane

  • Samhandlingsutvalet (SU) etablerer og godkjenner faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna, slik det er beskrive i samarbeidsavtalane. Høgskulen på Vestlandet (HVL) inviterast inn i alle faglege nettverk, og deltar der det er relevant.
  • Helse Fonna føretak og kommunane forpliktar seg til deltaking i nettverk som vert oppretta av SU.
  • Medlemmene i nettverket er kontakt- og ressurspersonar for feltet i sin organisasjon. o Arbeidsgivar legg til rette for deltaking og korleis ressurspersonen skal nyttast i eigen organisasjon.
  • Kvar part dekkjer utgifter til deltaking for sine tilsette. Brukarorganisasjonane dekkjer utgifter til deltaking for sine medlemmer, dei kan søkje dekning frå FOUSAM.
  • Nettverket skal ha ein kontaktperson i FOUSAM.
  • Nettverket skal bidra inn i utvikling av pasientforløp og tilhøyrande prosedyrar på tvers av nivå og i utforming av brosjyrar og undervisningsmateriell.
  • SU kan via FOUSAM setje ned arbeidsgrupper med spesifikke og tidsavgrensa oppdrag som får eige mandat.
  • Nettverket skal med bakgrunn i praksis og oversikt på meldte avvik, bidra til å avdekke flaskehalser og utfordringar i pasientforløpa. Ut frå fagleg kompetanse, erfaring, kunnskapsbasert praksis og endring i lovverk, skal nettverket komme med forbetringsforslag til praksis og til samarbeidsavtalane
  • Fagseminar og liknande skal arrangerast i samarbeid med FOUSAM.
  • Nettverket skal utarbeide ein handlingsplan for kvart år og sende han til FOUSAM innan 30. november.
  • SU vedtek satsingsområder for FOUSAM. Nettverket sin handlingsplan må vere i tråd med satsingsområda. SU kan óg bestille oppdrag hos nettverket via FOUSAM.
  • Nettverket skal rapportere årleg utført aktivitet til FOUSAM, innan 31. januar.
  • FOUSAM samlar rapporteringar frå alle nettverk og rapporterer vidare til SU innan 28. februar kvart år

Mål for nettverket

Nettverket skal bidra til at pasient og pårørande får tilbod om fagleg gode lærings- og meistringstilbod på rett nivå ut frå faglege og geografiske føresetnader.

Bakgrunn for etablering

Med bakgrunn i tenesteavtale 2 punkt 4.1.2 og punkt 4.1.3 som forpliktar partane til deltaking i felles fagleg nettverk, opprettar SU i møtet 09.01.13 eit fagleg nettverk for LMS-tilbod. Utvikling av LMS-tilbod på tilrådd nivå i tråd med samhandlingsreforma, og med tilrådingar frå helsedirektoratet, vil krevje overføring og utveksling av kompetanse over tid, både innan fag, metode og helsepedagogikk. Partane er einige om å byggje vidare på det som allereie er etablert av godt samarbeid og felles tiltak mellom kommune og føretak. Overføring og utvikling av lærings- og meistringstilbod, må skje gradvis om dei skal bli kvalitetsmessig gode. Dei 19 kommunane er svært ulike, og for å få dette til vil det krevje eit strukturert, målretta og forpliktande samarbeid mellom partane i fleire år framover.

Arbeidsområde

  • Utarbeide handlingsplan for utvikling av lærings- og meistringstilbod i området, og plan for gradvis overføring av dei LMS-tilboda som skal etablerast i kommunane. I planen skal det og gå fram kva pasient- og pårørandetilbod som frametter bør gjevast i spesialisthelsetenesta.
  • Utarbeide plan for kompetanseutvikling på området
  • Bidra til at opplæring av pasient- og pårørande og meistringstilbod, vert ein del av pasientforløp på tvers av nivå.
  • Bidra til brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering av LMS-tilbod.
  • Bidra til at føretak og kommunar har oversikt på og er kjent med aktuelle LMS-tilbod og at det vert etablert rutinar og kriterium for tilvising mellom tenestenivå der det er påkrevd.

Grunnlagsdokument for etableringa

Deltakarar i nettverket

Føretaket har ansvar for å oppnemne lærings- og meistringskoordinator med oppgåve å

  • etablere kontakt med kommunane sine kontaktpersonar4
  • delta i fagleg samarbeid og nettverk
  • ha oversikt over kurs og halde kommunane oppdaterte

    Fonna har vald å ha ein koordinator i kvart geografisk område: Stord (Sunnhordland), Odda (Hardanger) og Haugesund (Haugalandet). Leiar av LMS-team i Helse Fonna er kontaktperson i FOUSAM.
    Kommunane har ansvar for å oppnemne ein kontaktperson for lærings- og meistringstilbod i kommunen som skal:
  • delta i fagnettverk
  • vere kommunen sitt kontaktpunkt og pådrivar i utviklinga av lærings- og meistringstilbod i kommunen
  • ha oversikt over fagkompetanse, brukarkompetanse og behov for tilbod i kommunen

Organisering av nettverket

Nettverket konstituerer seg sjølve med utnemning av leiar- og nestleiar; éin frå kommune og éin frå føretak. Gruppa avtalar møteplan og frekvens etter behov.

Nettverket består av følgjande representantar (pr. januar 2016)

Frå kommunar
Jarle Hansen, Haugesund kommune
Elise Hausken, Karmøy kommune
Cathrine Kvamsø Olsen, Sveio kommune
Ann-Kristin Berge Dahle, Tysvær kommune
Miriam Berland, Bokn
Helene Fjellheim Midtun, Sauda og Suldal kommune
Maria Sørheim Landro, Vindafjord og Etne kommune
Sigrid Marie Thomassen, Utsira kommune
Diana Bergeland, Stord kommune
Anne Berit Johansen, Fitjar kommune
Anne Beth Njærheim, Bømlo kommune
Hildur Heie, Tysnes kommune
Mona Enes, Kvinnherad kommune
Gunvor Steinsland Medhus, Odda kommune
Maren Espedal Miile, Jondal kommune
Gertrud Koff, Ullensvang herad

Frå føretaket
Christense Eileraas Ek, LMS-somatikk Haugesund sjukehus, Leiar LMS-team,
Haugalands regionen
Sigrid Bøthun, LMS klinikk for psykisk helsevern LMS-team, Sunnhordaland regionen
Jorunn Sekse, LMS Odda sjukehus, LMS-team, Hardanger regionen
Kari Vik Stuhaug, LMS klinikk psykisk helsevern, LMS-team
Inger Kristin Folgerø, Stord sjukehus
Aase Borgen Haktorsen, LMS klinikk psykisk helsevern, LMS-team

Brukarrepresentantar oppnemnd av brukarutvalet
Ellen Stråtveit (Haugalandet)
Janne-Elin Kvalheim Thronsen (Haugalandet)
Laila Stensletten (Sunnhordland)
Bodil Ystanes Mikkelsen (Hardanger)