Ny arbeidsgruppe for å ivareta barn som pårørande

«Står det at man skal ivareta barn som pårørende, så skal man det – uansett om man synes  samtalen er vanskelig.»

Utspelet kjem frå ein av representantane i Helse Fonna sitt ungdomsråd.

Ungdomsrådet i Helse Fonna.
Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

I juni 2019 vart rapporten frå samhandlingsprosjektet om barn som pårørande publisert. Temaet var korleis sikre god samhandling i spesialist- og kommunehelseteneste. FOUSAM var sentral i prosjektet saman med Barns beste, Korus Vest, Helse Fonna, og dei fem kommunane Etne, Vindafjord, Kvinnherad, Fitjar og Haugesund. Tilbakemeldingane etter prosjektet var at fokuset på barn som pårørande hadde auka, men at me framleis har ein veg å gå for å ivareta desse barna. Dette er barn me finn overalt, og som me er lovpålagte å ivareta enten me arbeider i kommune eller helseføretak.

Resultata frå prosjektet har gitt oss ein retning vidare. Me har fått muligheit til å arbeida systematisk og målretta for saman å ivareta barn som er pårørande. Som ein del av fagnettverket  barn og unge, har FOUSAM no oppretta ei eiga arbeidsgruppe for å samhandle betre om å ivareta desse barna.

Arbeidsgruppa er heilt i startgropa og Cathrine Kvamsø Olsen,  som er helseføretaket sin koordinator for barn som pårørande i klinikk for psykisk helsevern, er leiar for gruppa og bindeleddet inn i fagnettverket. I tillegg består arbeidsgruppa av Gjertrud Kringeland fra Haugesund kommune, Linn T. Olaussen fra Fitjar kommune, Anna H. Hovland fra Helse Fonna, Sølvi Heimestøl fra Helse Fonna/FOUSAM, Elin Grindheim Hovda fra Etne kommune, Siw Emberland fra ungdomsrådet, og Bernt Netland, prosjektleder for samhandlingsprosjektet. Samarbeid om fagdagar og kampanjar er aktuelle oppgåver for  arbeidsgruppa. Målet er at barn og søsken av pasientar i Helse Fonna – regionen blir oppdaga og ivaretatt både under og etter opphaldet i sjukehus.