Ny avtale om drift av FOUSAM

Kommunane i Helse Fonna- regionen og føretaket har inngått ny avtale om felles FOU-eining, FOUSAM, som er gjeldande frå 1.juli. Høgskulen på Vestlandet har vore medeigar frå starten av i 2014. Dei har no trekt seg frå det formelle samarbeidet rundt drift av FOUSAM, men vil fortsatt vera ein viktig samarbeidspart.  

Karmøy kommune blir vertskommune for FOUSAM og vil ivareta tilsetting av leiar og stille med kontorfasilitetar. Det blir ei spennande tid for FOUSAM framover! Regjeringa krev at helseføretak og kommunar etablerer helsefellesskap som samarbeidsmodell, og i vår region ser vi at samarbeidsstrukturen som allereie er etablert kan nyttast og utviklast. Her er både FOUSAM og faglege nettverk viktige for praktisk å bidra til god samhandling til beste for pasientar og pårørande. FOUSAM er Samhandlingsutvalet sitt utøvande organ og følgjer opp samarbeidsavtalane i praksis.

Stillinga som leiar av FOUSAM vert kombinert med stilling som Interkommunal samhandlingskoordinator. Marianne Hauge Wennersberg, som har vore leiar av FOUSAM frå starten av går inn i den kombinerte stillinga, noko vi set stor pris på og som betyr at kontinuitet og erfaring vert med over i ny organisering.

Vennleg helsing,
Sølvi Heimestøl

Leiar av Samhandlingsutvalet
Konstituert Samhandlingssjef Helse Fonna (tom 17.aug 2020)