Så godt å vera i gong! Her er noen av medlemmene i FSU barn og unge, fra oppstartsmøte.
13 januar 2022 var ein merkedag for helsefelleskapet i vår region! Det første av 5 faglege samarbeidsutval starta opp og barn og unge var først ut! 22 spente representantar deltok på Teams.
Linda Hellen, med mange års erfaring som leiar i Fagnettverk barn og unge, går inn som leiar og bidrar til å sikra kontinuitet over i nytt FSU. Ho er positiv etter første møte:
«Det er godt å vere i gong! Det er mange dyktige menneske her med samansett, variert og god kompetanse– dette blir bra! Eg gler meg til å lede denne gjengen og vi har mykje å ta tak i!»
Vi tar med gode erfaringar og viktige arbeidsområde frå fagnettverket og inn i nytt FSU. Endringar i mandat og samansetting gir betre forankring og eit tydlegare oppdrag. I tillegg til brei representasjon frå helsetenestene, er pedagogiske tenester, barnehage- skule og barnevern representert for å sikre heilskapen i tenestene. Brukarrepresentasjon med erfaren forelder og ungdom frå Ungdomsråd, er viktige å ha med for å lukkast. For å sikra god overgang frå fagleg nettverk til nytt FSU deltok representantane frå begge fora.
Målet for
FSU er «å sikre gode forløp på tvers av
tilbodet i kommunar og helseføretak. Hovudfokus skal vera å forbetre og utvikle
meir samanhengande og berekraftige helse- og omsorgstenester, med fokus på gode
samhandlingsforløp og pasientsikkerhet»
Eit viktig satsingsområde er Barn og unges helseteneste. Under denne paraplyen skal FSU gjere kjent, implementere, vidareutvikle og lage nye forløp. Både barn og unge, føresette og hjelparane skal vite kven som har ansvar for kva i heile forløpet, frå førebygging til utgreiing, behandling og oppfølging. Det trengs ein struktur for godt tverrfagleg samarbeid, og vi må ha fokus heilt frå graviditet til ungdom, barn som er pårørande må og inkluderast.
Erfaringar viser at for å få dette til, treng vi å møtast på tvers av tenester, kommunar og sjukehus. Vi må legge til rette for samskaping gjennom utviklingsarbeid, nettverk og felles kompetanseløft. Her kan vi bygge på godt arbeid som er gjort i fagnettverket og forventar at det nye mandatet med sterkare forankring, gir oss meir framdrift og vind i segla.
I oppsummeringa av dagen var deltakarane overvelda av mange nye tankar og strukturar, men ord som håpefull, spennande, lærerikt og lyst til å gjere ein innsats, gav arbeidsutvalet god motivasjon for oppdraget i FSU barn og unge.
Arbeidsutvalet for FSU barn og unge Linda Hellen, Bømlo kommune, leiar Ester Espeset, Helse Fonna, nestleiar Sølvi Heimestøl, kontaktperson frå FOUSAM
Hvordan skape det gode møte med ungdom, både med den enkelte og i grupper? Dette var tema da FOUSAM arrangerte kurs i helsepedagogikk med fokus på ungdom, 9. desember
Vi hadde sett fram til å arrangere fysisk kurs igjen, men Teams ble løsningen da nye restriksjoner ble innført.
Vi fikk høre representanter fra ungdomsrådet snakke om det gode møtet med ungdom, og Sølvi Heimestøl (leder av nettverk for Læring- og mestring i Helse Vest) fortelle om gruppetilbud for ungdom.
Representanter fra Ungdomsrådet i Helse Fonna
Barnepsykiater Sissel Øritsland og dyktige forelesere fra RVTS fulgte opp med undervisning om hjernens utvikling og det gode møtet med ungdom når livet utfordrer.
Linda R. Kvalvik og Cathrine Eide fra RVTS Vest
Evalueringen ble også gjennomført digitalt (menti.com), og tilbakemeldingene på både gjennomføring og teknikk var gode.
Vi gleder oss til neste fagdag og krysser fingrene for fysisk gjennomføring i 2022!
Alle kommunane i Helse Fonna-regionen har tilbod om ØH-døgnplassar, anten i eigen kommune eller gjennom eit interkommunalt samarbeid. Sunnhordland interkommunale legevakt si døgnavdeling, IDA, har tilbod til innbyggjarane i Bømlo, Fitjar og Stord. Vi har tatt ein prat med avdelingsjukepleiar Kimberlee Stenberg McMillan og dagleg leiar Mona Lothe, for å bli meir kjent med deira tilbod.
Om du skulle velje tre ting dokke er spesielt stolte av ved IDA, kva skulle det vera?
Vi har eit godt arbeidsmiljø med interesserte, engasjerte og svært kompetente medarbeidarar som vi klarer å behalde! Så har vi ein fagleg dyktig overlege som har eit godt lag med pasientane, og ikkje minst eit godt samarbeid med både tenestekontora i kommunane som eig IDA, høgskulen og sjukehuset.
Kva
kan pasientar og pårørande vente seg om dei vert innlagde hos dokke?
Pasientane vil bli møtt av dyktige fagpersonar som ser den enkelte og deira pårørande, og som raskt sikrar at dei kjem i gong med behandling. Vi har eit rolegare tempo enn i sjukehuset, det er færre personale å forhalde seg til, og så får alle einerom med TV og eige bad. Om pasienten treng meir spesialisert behandling, er vegen kort til innlegging i sjukehuset som ligg vegg i vegg.
Korleis kom det interkommunale samarbeidet i gong?
Sunnhordland interkommunale legevakt vart stifta i 2013 og starta opp med drift av legevaktsteneste for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord i 2014. Prosessen og samarbeidet om etablering av kommunale øyeblikkeleg hjelp døgntilbod tok tid, og vi hadde både forstudie og ein god prosjektperiode. Den politiske behandlinga landa på å etablere eit interkommunalt selskap som skulle drifte både legevakt, ØH senger og observasjonssenger. Nytt lokale vart bygd vegg i vegg med Stord sjukehus. Eigarane våre var klar over at modellen ein valte for ØH-tilbodet var ein «rolls royce-modell»- eit godt tilbod som ville vera dyrt. Tilbodet starta i nye lokale mars 2017.
Korleis er samarbeidet med helseføretaket?
Pasientane våre som treng undersøkingar som blodprøvar, røntgen, MR eller CT, vert prioritert på lik linje med inneliggande pasientar ved Stord sjukehus – det er viktig for oss! Om tilstanden skulle endre seg, er det kort veg til akuttmottaket ved sjukehuset. Vi tek og i mot pasientar frå akuttmottaket, dette er pasientar som ein ikkje finn grunn til å legge inn i spesialisthelsetenesta, men som likevel treng behandling før dei kan reise heim. Nærleiken til sjukehuset har vore eit av dei største suksesskriteria og samarbeidet har vore bra heilt sia vi starta planlegginga av tilbodet. Leiarmøte på tvers ein gong i månaden tek opp samarbeidet og drøftar fortløpande saker. Det er viktig å vera løysingsorientert. Vi må alle ha fokus på pasienten og den sitt beste. Med god kommunikasjon får vi det til!
IDA er det tilbodet som har mest utnytta kapasitet
i vår region, har du tankar om kvifor det er slik?
Vi trur det er samansett, og noko som har bygd seg opp over tid. Vi har etter kvart opparbeida oss eit godt rykte, både ute blant fastlegar og innbyggjarar generelt. At pasientar og pårørande formidlar positive opplevingar er den beste reklamen vi kan få!
Når me har ledig kapasitet på ØH, sender avdelingsoverlegen e-post med informasjon om tal på ledige senger til alle legane som kan nytte tilbodet, slik blir dei minna om å bruke oss. Det at vi har både observasjonssenger og ØH–senger gir oss meir rom. Vi har gode rutinar på å flytte pasient mellom obs- og ØH-senger ut frå om pasienten får aktiv behandling eller ei. Vi er både kreative og fleksible for å finne gode løysingar for pasienten.
Kva har de gjort for å nå ut til fastlegane med
informasjon om IDA?
Før opninga av IDA var avdelingslege og avdelingsleiar rundt på alle legekontor og informerte om avdelinga, behandlingsplanar og korleis organiseringa av tilbodet var tenkt. Vi ba om attendemeldingar på kva fastlegane hadde behov for. Etter kvart har vi informert ut i allmenlegeutvalet for legane (AU), kommunane, hatt besøk av ulike politiske komitéar, delegasjonar frå andre kommunar, helseføretak og helsedirektoratet. Vi har også hatt open dag i avdelinga.
Det er stort sett fastlegane i våre eigarkommunar som har legevakt. Det legg til rette for involvering og utvikling av ei ansvarskjensle for IDA i tillegg til nærleik til både pasientar og tilsette.
Korleis har pandemien påverka drifta ved IDA?
IDA vart tidleg definert som ein kommunal institusjon som ikkje skal ha covid-19 pasientar, og pasientar vert klarert for risiko for smitte før innlegging. Likevel kan me oppleve at ein inneliggande pasient utviklar symptom og må testast. Avdelinga har hatt strenge restriksjonar med smittvernetiltak på nivå med spesialisthelsetenesta med avgrensing i besøkstider, protokollføring av besøkande og gode hygienetiltak. Dette er no slept litt opp. Pasient og pårørande har vist stort tolmod med retningslinene.
Andre måtar pandemien har påverka oss er at nokre diagnosar er fråverande, til dømes forverring av KOLS og vi ser få pasientar med luftvegssmitte. 12.mars i fjor stoppa det nesten opp med ØH-pasientar. Det verka som folk ikkje gjekk til fastlege eller legevakta. No har det teke seg opp att til normal bruk, med normale svingingar gjennom året.
Kva har nettverket for kommunale
ØH-døgntilbod og FOUSAM betydd for IDA?»
I starten var me på besøk ved Sentrum behandlingssenter i Haugesund og etablerte kontakt med avdelinga der. Det var lærerikt å både sjå korleis deira avdeling fungerte og lære av suksesskriteria og fallgruver dei hadde møtt på. Etter kvart som vi fekk våre eigne erfaringar og trygghet på at vi gir gode tenester, flytta perspektivet seg til å fokusere på korleis vi kan betra oss og utvikle eige tilbod ut frå våre forutsetningar.
FOUSAM har vore ein god støtte til arrangering av fagdagar og samlingar for leiarar på ØH-tilbod. Dette har vore viktig for fagleg påfyll og gjort det mogleg å treffe kollegaer som arbeider med det same.
Ønske for framtida?
Vi ønsker fleire pasientar, vi står iallfall klar til å ta dei imot! Kanskje vert tilbodet vårt utvida til fleire av dei omliggjande kommunane. Vi er i gong med eit viktig prosjekt innan palliasjon og det blir spennande å sjå korleis det vil påverke ØH-avdelinga i framtida. Gjennom prosjektet er det kome nye prosedyrar som også gjev eit betre tilbod til andre pasientar.
Drømmen måtte vera ei høgd til på legevaktbygget, gjerne med ei palliativ døgnavdeling! Det er lov å drøyma!
Tilsette på IDA: Katrine Askeland (sjukepleiar), Kimberlee Stenberg McMillan (avdelingssjukepleiar), Aasmund Storebø (avdelingsoverlege) og Laila Nymark Steinsland (helsefagarbeidar)
Gjennom pandemien har vi lært at digitale møte er heilt nødvendige om vi skal halde kontakten med kvarandre på tvers av avdelingar og kommunar. Vi har lært å sjå moglegheiter i den digitale verda! Ikkje minst handlar det om at når vi møtest digitalt kan mange spare reiseveg og fleire kan delta. Nettverket for kommunale ØH døgntilbod bestemte difor at i tillegg til fysiske samlingar, når mogleg, ville dei fortsetje med digital lunsjundervining. Ansvar for tema og opplegg går på omgang mellom ØH-avdelingane, og FOUSAM sender ut invitasjon og tar ansvar for det tekniske.
Over 40 fagpersonar møtte til lunsjundervisning, geografisk fordelt i grupper på kvar plass. Tema denne gongen var Palliasjon – dei nødvendige samtalene. Etter ei fin innleiing frå Sunnhordland interkommunale døgnavdeling ved Aasmund Storebø, fekk gruppene på kvar plass drøfte kva dei kan ta med seg inn i eigen arbeidskvardag.
Deltakarane meldte tilbake at dette var ein nyttig og praktisk måte få fagleg oppdatering på, og der refleksjonen i grupper på kvar arbeidsplass var eit viktig element.
NB! Kurset vil også overføres digitalt via Microsoft teams, slik at du kan velge å delta lokalt sammen med andre fra ditt geografiske område/ arbeidsplass.
Målgruppe
Kurset er for deg som jobber i ulike etater og avdelinger i kommune, skole eller sykehus, og som møter ungdom med helseutfordringer eller er pårørende.
Pandemi med isolasjon og begrenset frihet, har vært spesielt utfordrende for ungdom! De har nå et stort behov for å møte hjelpere og støttepersoner som ser og lytter til dem på en god måte! På kurset får du kunnskap, råd og verktøy slik at du kan bli en enda bedre fagperson i møte og samarbeid med ungdommen selv og deres nærmeste.
Pris
Kr 100.- for lunsj, digital deltagelse er gratis
Arrangør
Kurset arrangeres i regi av Faglig samarbeidsutvalg barn og unge (FSU barn og unge) og er en del av FOUSAM sitt kompetansetilbud innen helsepedagogikk /kommunikasjon. De andre kursene er:
Grunnkurs i helsepedagogikk
Formidlingskurs
Kurs
i hvordan snakke med barn når det er sykdom i nær familie
Vi har opplæring og kurs som aldri før via digitale plattformer som Teams, Zoom eller Join! Digitale møteplasser kan redusere både reisevirksomhet og gjøre at flere kan delta. Mange som arrangerer digitale kurs og møter opplever at læringskurven har vært bratt, kanskje for bratt, og kjenner behov for å lære mer om både formidling via skjerm og den tekniske gjennomføringen.
Dette behovet har FOUSAM tatt tak i og har i 2021 gjennomført tre digitale formidlingskurs, siste kurs i begynnelsen av desember. Utgangspunktet var FOUSAM sitt formidlingskurs som har vært et tilbud over flere år. En arbeidsgruppe, med representanter fra både kommune, Helse Fonna, Ungdomsråd og FOUSAM, har gjort kurset om til digital versjon. Deltagerne får grunnleggende kunnskap om hvordan de best når ut med budskapet sitt og hvordan man lager en god presentasjon.
Kurset går over 2 dager og deltagerne får både undervisning og mulighet for å lage egen presentasjon. Øvelse i å framføre presentasjonen for hverandre og samtidig håndtere teknikken, er også en viktig del av kurset.
Målgruppa er brukerrepresentanter og ansatte i kommune- og spesialisthelsetjenesten som ønsker å bli bedre formidlere. Tilbakemeldingene fra høstens kurs er at deltagerne ble utfordret på en positiv måte, og at undervisningen og øvelsene var utfyllende og lærerike.
Dette sa deltagerne etter høstens kurs:
«Variert innhold og dager, kurset dekker alle områder når det gjelder formidling digitalt føler jeg. Godt med kursvertenes variasjoner også, samarbeidet og flyten dere imellom oppleves både inspirerende og profesjonelt. Vel gjennomført!».
«Godt at tipsene er anvendelige og at det ikkje blir mye tid på selvfølgeligheter. Dere er goe!!!»
«God og trygg arena for å teste ut ting i praksis».
Vi har opplæring og
kurs som aldri før via digitale plattformer som Teams, Zoom eller Join. Mange opplever at læringskurven har vært
bratt, kanskje for bratt, og kjenner behov for å lære mer om både formidling
via skjerm og den tekniske
gjennomføringen.
Dette behovet har FOUSAM tatt tak i og gjennomførte første uka
i juni sitt første digitale formidlingskurs. Kurset tok utgangspunkt i FOUSAM
sitt formidlingskurs som har vært tilbudt over flere år. En arbeidsgruppe, med
representanter fra både kommune, Helse Fonna, Ungdomsråd og FOUSAM, gjorde
kurset om til digital versjon og med stort fokus på digital formidling.
Deltagerne har fått grunnleggende kunnskap om hvordan de best når ut med
budskapet sitt og hvordan man lager en god presentasjon.
Kurset gikk over 2 dager og deltagerne fikk både undervisning
og mulighet for å lage egen presentasjon. Øvelse i å framføre presentasjonen
for hverandre og samtidig håndtere teknikken, var også en viktig del av kurset.
Målgruppa var brukerrepresentanter og ansatte i kommune- og spesialisthelsetjeneste som ønsket å bli bedre formidlere. Tilbakemelding fra engasjerte deltagere var at de ble utfordret på en positiv måte og at undervisning og øvelser var utfyllende og lærerikt. Nye kurs blir satt opp til høsten.
Dette sa deltagerne etter kurset:
«Kurset gav oss
konkrete og overførbare tips og triks»
«Det var stor
variasjon i innhold, så kurset ble ikke kjedelig»
«Alle deltagerne ble
inkludert, selv om det var et digitalt kurs»
«Alle fikk mulighet
til å øve på sitt foredrag»
«Trygge, engasjerte og
kunnskapsrike kursledere»
Arbeidsgruppe: Ingrid Østebø, student Emma Sofie Lae-Pedersen, Ungdomsrådet Anna Hovland, Lærings- og mestringssenteret Helse Fonna og FOUSAM Jarle Hansen, Frisklivssentralen Haugesund kommune Marianne Hauge Wennersberg, leder av FOUSAM Sølvi Heimestøl, FOUSAM og Samhandling Helse Fonna
Hovedkursholdere: Anna Hovland, Lærings- og mestringssenteret Helse Fonna og FOUSAM Sølvi Heimestøl, FOUSAM Marianne Hauge Wennersberg, leder av FOUSAM
«Tidsbesparende fagutvikling» «Matnyttig samling» «Fikk lyst til å lære mer om hjertesvikt» «Case er en fin måte å lære på».
Slik kommenterte deltagerne den digitale lunsjundervisningen i regi av nettverket for Kommunale ØH døgntilbud og FOUSAM.
Det er ikke første gangen nettverket prøver seg digitalt, i
april gjennomførte de 2 fagdager med både god deltagelse og gode tilbakemeldinger.
Idéen om lunsjundervisning kom etter evaluering av fagdagene, der deltagerne
ønsket seg flere, korte og jevnlige fagtreff med ulike tema.
Leder av nettverket Mette Austreim, Tysvær kommune, er godt fornøyd etter gjennomført lunsjundervisning. «Dette var en god og effektiv måte å møtes på. Det at vi brukte case som arbeidsmetode med personalgrupper på hvert arbeidssted, skapte involvering og engasjement».
Ingunn Dalland fra Hjerteavdelingen i Helse Fonna var med som veileder i gjennomgangen av case og det var en god måte å overføre kompetanse på. «Dette vil vi gjøre mer av! Vi har allerede fordelt ansvar for neste lunsjundervisning. Denne gangen var det Tysvær, neste gang går stafettpinnen videre til Tysnes, det blir over sommeren. Samarbeidet med FOUSAM fungerte fint, de tok ansvar for praktisk planlegging og det tekniske slik at vi kunne ha fokus på det faglige innholdet».
VIKTIG DIGITAL KONFERANSE OM RECOVERY I ET SAMFUNNSPERSPEKTIV 28.APRIL 2021
Konferansen er en videreføring av arbeidet som startet i regionalt læringsnettverk om utvikling av Recoveryorienterte tjenester for psykisk helse og rus.
Hovedforeleser er professor Ottar Ness. Han vil holde to aktuelle foredrag; I: «Vi vet at folk som deltar, og opplever at de har mulighet til å delta i samfunnet, får høyere livskvalitet. Hva kjennetegner det å være en deltager? II: Hva kan være gode eksempler på at det offentlige, frivilligheten og næringsliv jobber sammen for – og legger til rette for – opplevelser av deltagelse, medborgerskap og tilhørighet»
I tillegg til Ottar Ness sine hovedinnlegg får vi lokale filminnslag. Noen av samarbeidspartnerene med fag- og erfaringskompetanse forteller om samarbeidet med Prosjekt Recovery ressursbase, og presenterer tiltak i nærmiljøet fra Karmøy, Haugesund og Bømlo.