Saman med tre forskarar har erfaringskonsulent Connie Straume skrive ein vitskapleg artikkel

Erfaringskonsulent Connie Straume.

Artikkelen Erfaringsmedarbeidere som aktører i utdanning av psykisk helsearbeidere presenterer funn frå eit pedagogisk aksjonsforskingsprosjekt der erfaringsmedarbeidarar har vore deltakarar i refleksjonsgrupper med studentar på tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid.

-Hensikta med artikkelen var å utforska på kva måte erfaringsmedarbeidarane bidrog til studentane si læring knytta til brukarkunnskap, samt kva utbytte erfaringsmedarbeidarane hadde av å delta i refleksjonsgruppene, står det i samandraget i artikkelen.

I same utgave av Tidsskrift for psykisk helsearbeid er tre vitskaplege artiklar om erfaringskompetanse frå Sunnhordland, Haugaland og Stavanger òg publisert (sjå bilde under).

-For ein flott Blomsterbukket av fokus på Erfaringskompetanse-implementering frå vår region på Sunnhordland, Haugaland og Stavanger, seier erfaringskonsulent Connie Straume ved Stord DPS.    

I same utgave av Tidsskrift som psykisk helsearbeid er dei to andre vitskaplege artiklane publisert.

Straume fortel at det var spennande å vera både moderator i fokusgruppa, medforfattar og likeverdig arbeidskollega i heile artikkelskrivingsprosessen. Ho har skrive artikkelen saman med Åse Renolen, høgskolelektor ved Institutt for helse- og omsorgvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Christine Øye, professor ved Institutt for helse- og omsorgvitskap ved HVL, og Tove Klepsvik, høgskolelektor ved Fakultet for helsefag ved VID vitenskapelige høgskole.

Artikkelen er publisert i denne utgåva av Tidsskrift for Psykisk helsearbeid.

Gode tilbakemeldingar frå foreldregruppa

Miriam Johannessen, familierettleiar, helsestasjonen på Bømlo, Lene Sortland Nesse, assisterande styrar Maurtua barnehage SA, Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM, Sølvi Heimestøl, rådgjevar og prosjektleiar FOUSAM og Helse Fonna.
Maren Johannessen, brukarrepresentant, helsestasjonen på Bømlo var ikkje til stades da bildet vart tatt). FOTO: Terje Rudi

-Vi er stolte av å vere ein del av dette!

Det var oppsummeringa frå arbeidsgruppa som planla og gjennomførte foreldregruppe i barnehagen i Bømlo kommune, hausten 2019. Deltakarar i gruppa var foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne.

Tilbakemeldingane viste at det å delta i gruppa betydde ein forskjell.
-Vi fekk bidra med verktøy til foreldra for mestring av kvardagen, og ikkje minst, dei fekk treffe andre i same situasjon, seier deltakarar.

Det er andre gong foreldregruppe i barnehagen vert gjennomført i Bømlo, og er eit samarbeid mellom Maurtua barnehage, helsestasjonen i Bømlo, FOUSAM og Helse Fonna. Tilbodet er blitt ein fast del av oppfølginga av familiar med barn som har nedsett funksjonsevn i kommunen.

-Det er ikkje tvil om at dette er rett bruk av ressursar, det er eit førebyggjande tiltak for heile familien når eit eller fleire barn har varige helseutfordringar, seier Miriam Johannessen, Familierettleiar i Bømlo kommune.

Her finn du brosjyren for tilbodet og meir om opplegget. Arbeidet starta som eit prosjekt og har òg vore prøvd ut i Tysvær kommune. Her finn du prosjektrapportane.

Ønsker du å høyre meir om opplegget eller starte foreldregruppe i din kommune?

Ta kontakt med rådgjevar i FOUSAM Sølvi Heimestøl

Arbeidsgruppa besto av

Miriam Johannessen, familierettleiar, helsestasjonen på Bømlo
Lene Sortland Nesse, assisterande styrar Maurtua barnehage SA
Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM
Maren Johannessen, brukarrepresentant, helsestasjonen på Bømlo
Sølvi Heimestøl, rådgjevar og prosjektleiar FOUSAM og Helse Fonna.

Rusta seg for framtida i Læring og meistring-nettverket

Helene Fjellheim Midthun teiknar blomen der kronblada viser kva det betyr for henne som lokal kontaktperson i utkantkommune å vera med i nettverket innan læring og meistring.

På fellesmøte i nettverket for læring og mestring 5.12 blei det jobba med organisering og oppgåver i nettverket.

-Ettersom kart og terreng har endra seg sidan oppstart i 2013, er det naudsynt å sjå på dette. Spesielt er dette aktuelt når Hardangerområdet blir ein kommune frå 1. januar 2020. Ullensvang inkluderer då også Odda og Jondal, seier Sigrid Bøthun, leiar i Læring og meistringnettverket.

Nettverket starta diskusjonen, men konkluderte med at ein treng meir tid til å sjå på konsekvensane av dei foreslåtte endringane. Dei vil difor ta saka opp i neste fellesmøte i april.

Helene Fjellheim Midthun, nestleiar i Læring og mestringsnettverket og kommunerepresentant frå Suldal og Alf Andvesen, brukerrepresentant i nettverket delte begge erfaringar om det å jobba i nettverk.

Helene Fjellheim Midthun, nestleiar i Læring og mestringsnettverket og kommunerepresentant frå Suldal fortalde på fagdagen kva det det betyr for henne som lokal kontaktperson i utkantskommune å vera med i nettverket innan læring og mestring.
– Det gir inspirasjon å møte andre. Å ha ein handlingsplan gir forankring og hjelper å driva arbeidet i eigen kommune. Samhaldet i nettverkssamlingane på Haugalandet gir trygghet i rolla og fører til kvalitet på tenestene til innbyggjerane, seier ho.

Sølvi Heimestøl, rådgjevar i FOUSAM, presenterte mellom
anna kunnskapsoppsummeringar om effekt og samfunnsnytte ved opplæring i grupper.

-Dokumentert helsegevinst er godt å ha med når ein skal argumentera for gode tilbod, seier ho.

Sølvi Heimestøl, denne gong i rolla som leiar for læring og mestringsnettverket i Helse Vest.

Lærte å bli betre til å hjelpa

Hildegunn Gram og Anna Lise Sortland. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Over tre dagar lærer helsetilsette i Helse Fonna-regionen om formidling, kommunikasjon, rettleiing og samhandling. Dei er på helsepedagogikkurs.

Kurset i Helsepedagogikk går over tre dagar kvar haust. Det blir arrangert på ulike tettstader i Helse Fonna, hausten 2019 blei det haldt på Stord.

Dag to omhandlar gode verktøy i møte med pasient og pårørande. Dagen startar med ein bolk som handlar om kognitiv og sosial læringsteori. Kva er det tankane gjer med oss?
– Tankane er ei viktig drivkraft i høve til korleis me forstår verda, og korleis me forstår samanhengen mellom tankar og kjensler, seier Sigrid Bøthun, leiar for psykisk helsevern ved Lærings- og meistringsnettverket i Helse Fonna.

Snart skal kursdeltakarane gjera praktiske oppgåver for å læra seg helsefremjande tenking og pedagogiske verktøy, i samarbeid mellom erfarne brukarar og helsepersonell.

Sigrid Bøthun. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Får konkrete verktøy

Kurs i helsepedagogikk er ein modul i det helsepedagogiske tilbodet hos FoU-eining for samhandling (FOUSAM). Målgruppa er tilsette og brukarar i spesialist- og kommunehelsetenesta som er engasjert i helsefremjande og førebyggande arbeid, på gruppe- eller på individnivå. Ei av dei som er kurs er Kjersti Halsne, helsesjukepleiar i Sveio kommune.
– Eg er på kurs for å få konkrete verktøy for å jobba på barneskule og med foreldre. Eg ser at me lærer mykje nyttig som eg kan bruka i jobben min, seier ho.

Kjersti Halsne og Alf Anvedsen. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Livslang læring

Brukarrepresentant Alf Anvedsen meldte seg på kurset for å sjå korleis Lærings- og meistringssenteret jobbar med helsepedagogikk.
– Eg tenker på korleis eg kan bruka det i livet og i høve til familien min, seier 72-åringen som driv med presentering og veiledning som leiar av interessepolitisk utval i Brukarhuset i Helse Fonna-regionen.
– Eg er glad i å læra, seier han.

Over tre dagar kvar haust lærer helsetilsette i Helse Fonna-regionen om formidling, kommunikasjon, rettleiing og samhandling. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Feiar på kurs

Hildegunn Gram er den einaste feiaren på kurset. Ho er feiar i Stord brann- og redning og meldte seg på kurset saman med kollega Anna Lise Sortland som er ergoterapeut i Stord kommune. Dei to jobbar saman om å læra 78-åringar i kommunen om brannsikkerhet og tilrettelegging for å gå aldersdomen trygt i møte.
– Kurset er veldig kjekt og nyttig i høve til jobben vår, seier Gram. Sortland er eining.
– Det er praktisk nyttig for oss å gå på kurs saman, seier ho og fortel at dei lærer konkrete metodar for å gå i dialog med brukarar om kva dei kan gjera for å bli meir trygge.
– Det er viktig for oss å høyra frå erfaringsmedarbeidarar, seier Sortland.

F.v: Cathrine Kvamsø Olsen, LMS-rådgjevar, Karoline Taraldsøy, brukarrepresentant, Janne-Elin Trondsen, brukarrepresentant, Emy Kirkhus Dale, LMS-medarbeidar, Christense Eileraas Eek, LMS-medarbeidar, Sigrid Bøthun, LMS medarbeidar, Aase Borgen Haktorson, LMS-medarbeider. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Nye kurs

Helsepedagogikkurset blir laga av Lærings- og meistringsnettverket i Helse Fonna i samarbeid med læringskrefter frå Høgskulen på Vestlandet, med representantar frå Tysvær og Stord kommune, Helse Fonna og brukarrepresentantar. Neste helsepedagogikkurs blir arrangert neste haust i ein annan kommune i Helse Fonna.

Brukarorientert nysatsing

FOUSAM fekk gode innspel frå erfaringskonsulentar og fagpersonar til korleis utvikla nye tilbod for og i samskaping med personar med rus og psykiske vanskar i Helse Fonna-området på workshop 28. oktober.

Sigrid Bøthun og Veronica Lopez som er tilsette i prosjektet som erfaringskonsulent i 20 % stilling for å vera med å utvikla modellen som skal ligga til grunn for ny søknad. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde

Etablerer ressursbase for Recovery College

Målet er å utvikla ein ressursbase for å utvikla recoverybaserte tenester for personar med rus og psykiske vanskar i Helse Fonna-området. Store kommunar som Sandnes har etablert eigne Recovery Colleges. Sidan det i Helse Fonna-området er mange små og mellomstore kommunar, kan det vera vanskelig å etablera eigne Recovery College i kvar kommune.
– Difor etablerer FOUSAM ein ressursbase i vårt samarbeidsområde, med pengestøtte frå Fylkesmannen i Rogaland og Vestland, der kommunar som ønsker å bygga lokal kompetanse kan møtast og hausta erfaringar frå andre når dei skal utvikla eigne tilbod, fortel Sigrid Bøthun, leiar for Lærings- og meistringsteamet i Helse Fonna.

Ressursbasen vil bli eit nettverk rundt arbeidet slik at kommunar og helseføretak i fellesskap kan etablera robuste ordningar etter prosjektperioden er ferdig. Ressursbasen er òg tenkt å ha eit nært og godt samarbeid med lokale brukarorganisasjonar på området.

Målet er å utvikla ein ressursbase for å utvikla recoverybasert helseteneste for personar med rus og psykiske vanskar i Helse Fonna-området. FOTO: Bernt Netland

Fekk gode innspel på workshop

Erfaringskonsulentar blei invitert inn i prosjektgruppa for Recovery ressursbase for å gi innspel til kva som er viktig å få inn i ein søknad om å gå vidare med i utvikling av ein modell.
– Arbeidsprosessen gav mange gode innspel som vil bli tatt med i arbeidet for ny søknad, fortel Sigrid Bøthun.

Koret «Kor e me» med lokale korentusiastar der song er viktig i eigen recoveryprosess. Song og musikk er dokumentert viktig i recovery. Biletet blei tatt på den nasjonale nettverkssamlinga 31. oktober.

Prosjektgruppa består av: Marianne H. Wennersberg, leiar FOUSAM, Sigrid Bøthun, leiar av læring- og mestringsteamet i Helse Fonna og rådgjevar i FOUSAM, Bernt Netland, KORUS/Helse Fonna, Eva Biringer, Forskingsseksjonen Helse Fonna, Kristin Ådnøy Eriksen, Høgskulen på Vestlandet, Anne Veronica Kvilhaugsvik, Karmøy kommune, Elisabeth Haugen, Bømlo kommune. Erfaringskonsulentane i prosjektgruppa er: Veronica Lopez, FOUSAM og Haugesund kommune, Raymond Lunde, Bømlo kommune og Connie Straume, Helse Fonna.

Dette er Recovery

Recovery er ikkje ein beskytta tittel, men desse kvalitetskriteria blir gjerne brukt:

  • Planlegging av kurs og gjennomføring av undervising skal gjerast i eit likeverdig samarbeid mellom brukarar og fagpersonar.
  • Kursa skal organiserast som skuletilbod, der deltakarane er studentar.
  • Skuletilbodet må vera recoveryorientert på alle plan og gi håp, kontroll og mogleikar for den enkelte.
Fleire erfaringskonsulentar gav innspel på workshop 28. oktober. FOTO: Bernt Netland.

Ny erfaringskonsulent

Den 1. september tilsette prosjektet Veronica Lopez som erfaringskonsulent i 20 % stilling. Ho skal vera med å utvikla modellen som skal ligga til grunn for ny søknad. I tillegg har fleire arbeidsgrupper jobba parallelt med å vidareføra aktivitetar frå tidlegare recoveryprosjekt i FOUSAM.
– Det er flott å få med Veronica Lopez som har erfaring med å driva Recoverykurs i Haugesund kommune, seier Sigrid Bøthun.

Hadde samling i Haugesund

Karmøy og Haugesund kommunar har mellom anna gjennom dette prosjektet, deltatt i nasjonalt nettverk for utvikling av Recovery colleges, saman med Høgskulen på Vestlandet,

Den siste samlinga i det nasjonale nettverket var i Haugesund 30.og 31.oktober. Då var prosjektet vertskapsmiljø, i samarbeid med NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) og KBT (Kompetansesenter for brukererfaring og tjenesteutvikling).

Inviterer til deltaking

Prosjektet er medarrangør av oppfølgingsdag etter KS (kommunenes sentralforbund) sitt læringsnettverk innen recovery i perioden 2016-2018. Dagen blir arrangert på Stemnestaden i Tysvær 9.desember i samarbeid med KS, Fylkesmennene og KoRUS Vest og Sør.

Frist for å søke nye midlar er 31.12.19.

Fram til då vil prosjektgruppa gjerne bli kontakta for spørsmål om deltaking frå kommunar som ikkje allereie er involvert, seier Sigrid Bøthun.

Her er erfaringskonsulentane som var på samlinga i juni 2019. FOTO: Sigrid Bøthun

Nå kan du også bli en bedre formidler

Vi arrangerer fire nye formidlingskurs i 2020.

Formidlingskursene til FOUSAM blir arrangert for ansatte i Helse Fonna, kommuner og Høgskulen på Vestlandet, i tillegg til brukerrepresentanter. Vi har lang erfaring med formidlingskurs, etter å ha holdt kursene om lag fire ganger per år siden 2015. I januar, april, september og desember arrangerer vi nye todagers-kurs.

Innholdsrike kurs

Kursene inneholder temaene: Kjenne målgruppen, VAKT-modellen, Involvere publikum, Oppførsel (bevissthet og verktøy), Planleggingsverktøy, Improvisasjon og PowerPoint-presentasjon.

– Veldig givende

Kursene er praktisk rettet og deltakerne jobber med sin presentasjon gjennom kursene. Til slutt presenterer deltakerne, og vi får innblikk i arbeidshverdagen deres.
– Vi syns det er veldig givende å bli kjent med deltakerne, og se hvordan de blir enda tryggere i rollen som formidlere i løpet av kurset, sier Marianne Hauge Wennersberg, leder av FOUSAM.
– En ekstra bonus for oss er at vi får nyttig kunnskap om, og innblikk i nye faglige tema, sier hun.

Gode tilbakemeldinger

Idar Høviskeland Pedersen

Idar Høviskeland Pedersen, avdelingsleiar for Organisasjon og informasjon i Haugesund kommune var svært nøgd med kurset, då han deltok.
– Det var innholdsrike kurs med gode eksempler og nyttige praktiske øvelser. Inspirerende og flinke forelesere som gav konstruktive tilbakemeldinger. To dager jeg fikk stort utbytte av, sier han.

Han og erfaringsformidler Ingunn Koløy var blant de som var på formidlingskurs i fjor.

– Lærerikt og spennende

Ingunn Koløy.

-Kursholderne var ærlege og gav oss gode konstruktive tilbakemeldinger. Samtidig ga dei god og oppmuntrande bekreftelse på kva me var gode på! Kurset var lærerikt og spennende, fortel Ingunn Koløy, erfaringsformidlar.

«Treff meg»-kurset traff deltagerne

«Kurset gav meg mye inspirasjon og verktøy i møte med ungdommer»
«Veldig konkret informasjon som jeg kan bruke i arbeidet mitt»

11. juni 2019 var 47 deltagere samla til kurs om hvordan møte ungdom på en god måte. Kurset er en del av FOUSAM sin helsepedagogiske satsing.   

Arrangør av dagen var FOUSAM ved Fagnettverk barn og unge.

Vi startet dagen med en bordvis presentasjonsrunde, før vi brukte FOUSAM sine samhandlingskort for å få frem forventinger til dagen. Ulike faggrupper var representert fra både kommuner og foretak, som sykepleiere, leger og helsesykepleiere. Alle var tydelig på behovet for inspirasjon, konkrete verktøy og mer kunnskap i møte med ungdom.

Ungdomsrådet i Helse Fonna, gav oss et inspirerende innblikk i sitt arbeid og utfordret deltagerne til å ta ungdom og deres behov på alvor. Det nettbaserte kompetansetilbudet «Treff meg», om hvordan skape gode opplæringstilbud til både ungdom og foreldre, ble presentert av Sølvi Heimestøl, rådgiver i FOUSAM.  Diabetessykepleier Margareth Worre Bårdsen fra Barneavdelingen i Helse Fonna, gav oss et godt eksempel på systematisk opplæring i grupper for både barn, ungdom og foreldre.

Sissel Øritsland, barnepsykiater ved BUP i Helse Fonna, tok oss gjennom hjernen, og hvordan den fungerer i ungdomsåra, med forelesningen «Stengt på grunn av ombygging». Hun har mange års erfaring i behandling av ungdom og brukte både humor og gode pedagogiske verktøy som film, historier og refleksjon, til å gi oss forklaringer som gav mening.

Linda R. Kvalvik, spesialkonsulent ved  Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordførebygging, hadde tida etter lunsj. Ho delte sine erfaringer og kunnskap fra sitt mangeårige arbeid med ungdom. Vi fikk nyttige verktøy, tips og råd for «det gode møtet med ungdom» og avslutta økta med praksisoppgaver i grupper.

Kursdeltagerne var aktive gjennom hele dagen og tok utfordringen med trangt kurslokale på strak arm! Kurset ble godt evaluert der alle som svarte på evalueringen (76%)  opplevde kurset som nyttig eller svært nyttig for egen arbeidshverdag, og var fornøyd til godt fornøyd med gjennomføringen avdagen.

Fagdagar for tilsette i kommunale ØH-døgntilbod

Psykologspesialist Camilla Åsbøe Heggland presenterte.

Korleis skal vi møte personar med psykiske utfordringar på ein god måte når dei vert innlagt i kommunale øyeblikkeleg hjelp-døgntilbod (kommunale ØHD-tilbod)?

Dette var bestillinga frå tilsette og grunnen til at FOUSAM i samarbeid med  Fagnettverket for kommunale ØHD-døgntilbod, inviterte til fagdagar for alle tilsette. For at flest mogleg skulle kunne delta, vart det arrangert to like fagdagar, ein i Haugesund 23.mai, og ein på Stord 6. juni.

Wenche Evensen, erfaringsmedarbeider i Klinikk for psykisk helsevern, starta dagen med å gje innspel frå eit brukarperspektiv, eit innlegg med både humor og alvor som la grunnlaget for ein god dialog og skapte ettertanke og refleksjon hos deltakarane.

«Eg fekk betre forståing for korleis ta i mot og behandle personar med psykikse utfordringar, som er innlagt i ØH-seng»
(
Sitat frå evalueringa)

Aina Budal er funksjonsleiar i Karmøy DPS. Ho hadde undervising på Stord.

Camilla Åsbøe Heggland, psykologspesialist og seksjonsleiar og Aina Budal, funksjonsleiar i Karmøy DPS, hadde undervisning på Stord. Thomas Lundqvist, psykologspesialist og funksjonsleiar Akutt ambulant team, og Kenneth Hovda funksjonsleiar Akuttpost, hadde undervisning  i Haugesund. Alle fire er frå Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Dei gav ei innføring i dei vanlegaste utfordringar personalet kan møte, årsakar og diagnosar og korleis dei kan møtast på ein trygg og fagleg god måte.

Det var stort engasjement hos deltakarane og mange spørsmål vart drøfta, både under innlegga og i workshop’en etterpå der dei arbeidde i grupper med case frå eigen arbeidskvardag.

”Dialog med førelesarane gjorde det til ein aktiv dag, der vi kunne spørje, lære og diskutere på same tid”.
(
Sitat frå evalueringa)

Tilbakemeldingane i den elektroniske evalueringa, viste at alle var godt eller svært godt nøgd med dagen. Innlegget frå erfarinsmedarbeider og dialogen med førelesarane, vart spesielt trekt fram som positivt.

Deltakarane var svært engasjerte og diskuterte mange spørsmål.

Meir fokus på barn som er pårørande

Prosjektgruppa konkluderer med at ein må auka fokus på barn som er pårørande.

Barn som er pårørande kan ha tøffe kvardagar og har rett til oppfølging av helsepersonell for å takle utfordringane når foreldre, søsken eller andre i familien er sjuke. Korleis få dette til å fungere i praksis, og spesielt med tanke på samhandlinga mellom kommunar og føretaket, var utgangspunktet for prosjektet som har involvert både somatikk og psykisk helsevern.

«Helsepersonell bør vera tøffare mot foreldre, legge fagleg fram for foreldre at det er viktig å informere alle i familien»
(Ungdomsrådet i Helse Fonna)

Prosjektet avdekka at sjølv om det å ta vare på barn som pårørande både er lovfesta og teke med i forpliktande samarbeidsavtalar mellom kommunar og føretak, er det fortsatt ein veg å gå i praksis. Føretaket hadde i stor grad prosedyrar og rutinar på plass, men eit stort potensiale til å bruke dei meir. Dei 5 kommunane som deltok i prosjektet,  hadde i liten grad kontaktperson, rutinar og prosedyrar på plass.

Barn som pårørande famnar bredt, det er mange som skal nås med informasjon og kompetanse.  Det handlar om samarbeid både innad i kommune og føretak, men òg på tvers av tenester, og ikkje minst handlar det om samarbeid mellom helse og barnehage/ skule. Her har Betre tverragleg innsats som er ei satsing i alle prosjektkommunane, vore viktig. Ungdomsrådet i Helse Fonna har vore aktivt med i prosjektet med innspel ut frå eigne erfaringar. Prosjektet har gjennomført fagdagar som har vore opne for både tilsette i kommunar og føretak, desse vil fortsetje framover. Det er òg planar for korleis kontaktpersonar for barn som pårørande frå kommunar og føretak kan møtast vidare.

«Tenke at det er like viktig å involvere ongane som dei vaksne
– eg fekk ikkje vite noko som helst, fekk vite alt på ein gang, har slitt på grunn av det»

Ungdomsrådet i Helse Fonna)

I prosjektet har kommunar og føretak arbeidd saman for å løyse utfordringane, og har via møtepunkt under vegs lært av og inspirert kvarandre til å skape ei endring i eigen kommune/ avdeling. Kontaktperson, rutinar og prosedyrar er no på plass i prosjektkommunane, og føretaket har auka bevisstheita rundt bruk av sine. For å nå ut til heile føretaket, er det utarbeidd ein handlingsplan.

Helse Fonna har vore prosjekteigar med midlar frå Helsedirektoratet via Barns beste og i ein prosjektperiode frå  januar 2017 til juni 2019. Bernt Netland har vore prosjektleiar og det har vore eit godt samarbeid mellom avdelingane og kommunane som deltok  i prosjektet, samt med  Fylkesmann, KORUS og FOUSAM.

AVLYST! Hører de hva du sier? – bli med på formidlingskurs

Velkommen til 2-dagers kurs i formidling.
Kurset inneholder følgende tema:
Kjenne målgruppen • VAKT-modellen • Involvere publikum • Oppførsel (bevissthet og verktøy) • Planleggingsverktøy • Improvisasjon • PowerPoint-presentasjon.
Kurset er praktisk rettet og du vil få mulighet til å arbeide med egen presentasjon.


Vi håper kurset vil gi deg økt formidlingsglede.

Kurs 1: 27. og 30. januar kl 09:00-15:30 – GJENNOMFØRT
Kurs 2: 14. og 20. april kl 09:00-15:30 – FULLT
Kurs 3: 7. og 10. september kl 09:00-15:30 ÅPENT FOR PÅMELDING
Kurs 4: 3. og 7. desember kl 09:00-15:30 – ÅPENT FOR PÅMELDING

MÅLGRUPPE

Ansatte og brukere i spesialist- og kommunehelsetjenesten og høgskolen som ønsker å bli enda bedre formidlere.

PÅMELDINGSINFORMASJON

Påmeldingen sendes til marianne.wennersberg@hvl.no innen 3.august 2020.
Pris: 500,- kr inkl. lunsj
Det er begrenset antall plasser. Meld deg på 2-dagers kurs, enten i september eller desember. Det er ikke mulig å kombinere undervisningsdagene fra kurs 3 og kurs 4.
Kursdagene varer fra kl 09:00-15:30 begge dager.

KONTAKT

FOUSAM ved leder Marianne Wennersberg
tlf. 48 24 68 11 eller epost: marianne.wennersberg@hvl.no

ARRANGØR

FOUSAM

Kurset er en del av FOUSAM sitt kompetansetilbud innen helsepedagogikk /kommunikasjon. 
De andre kursene er: 

  • Grunnkurs helsepedagogikk
  • Treff meg! Helsepedagogikk for deg som jobbar med ungdom
  • Hvordan snakke om barnas situasjon når det er sykdom i nær familie?