Hvem tar vare på meg?

En dag med fokus på barn – unge og livet

foto: @colourbox.com

Temadagen vil ha fokus på hvordan barn og unge opplever sin situasjon som pårørende til foreldre eller søsken med alvorlig somatisk eller psykisk sykdom. Trygge voksne kan gjøre en vesentlig forskjell i barn og unges liv, og styrke deres mestring og tilpassing.

Målgruppe for temadagen:
Ansatte i skole og barnehage, ansatte i barnevernet, helsepersonell, helsesøstre, studenter, frivillige og andre med interesse for barn og ungdom.

Hovedforedragsholder:
Heidi Wittrup Djup Psykologspesialist og daglig leder ved Klinikk for krisepsykiatri

Tid og sted:
Onsdag 23. september 2020, kl. 09:00–13.00, Arrangementet blir digitalt.
Vi ønsker at alle som skal delta melder seg på, dette kan gjøres frem til 22.september.
Påmelding skjer her: https://www.survey-xact.dk/LinkCollector?key=J4QMWT2JLJ36
Når du har fullført påmeldingen trykker du avslutt, og vil bli tatt til en side for temadagen. Du er da påmeldt.
Dagen før konferansen vil du motta program med lenker til det digitale arrangementet.

Program for dagen
09:00 – 09:15
Kunstnerisk innslag og velkommen ved ordfører i Haugesund
09:15 – 09:45
Det å være barn / ungdom som pårørende, ved representanter fra Ungdomsrådet i Helse Fonna
09:45 – 10:05
Lovverk, rettigheter og plikter – barn som pårørende i helsevesenet, ved jurist hos Fylkesmannen i Rogaland, Anders Kvadsheim Mygland
10:05 – 10:20
Pause
10:20 – 12:20
Hva barn trenger, hva som er vanlige reaksjoner og behov, og hvordan man kan hjelpe gjennom familie, nettverksstøtte og samarbeid med barnehage og skole.
Heidi Wittrup Djup
Pauser avvikles der det passer i foredraget
12:20 – 12:30
Pause
12:30 – 12:45
Presentasjoner av ulike tiltak vedrørende Barn som pårørende i kommuner og helseforetak
– Presentasjon om nytt e-læringsprogram
– Stafettloggen
– Barneansvarlig for barn som pårørende i Helse Fonna klinikk for psykisk helsevern
12:45 – 13:00
Oppsummering ved Kreftforeningen
13:00 – 13:10
AvslutningProgrammet for dagen finnes også her: https://www.hvl.no/kalender/temadag-hvem-tar-varepa-meg/

Denne temadagen er et samarbeid mellom FOUSAM, Helse Fonna, Høgskulen på Vestlandet, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT), Haugesund kommune, Karmøy kommune og Kreftforeningen.

Ny avtale om drift av FOUSAM

Kommunane i Helse Fonna- regionen og føretaket har inngått ny avtale om felles FOU-eining, FOUSAM, som er gjeldande frå 1.juli. Høgskulen på Vestlandet har vore medeigar frå starten av i 2014. Dei har no trekt seg frå det formelle samarbeidet rundt drift av FOUSAM, men vil fortsatt vera ein viktig samarbeidspart.  

Karmøy kommune blir vertskommune for FOUSAM og vil ivareta tilsetting av leiar og stille med kontorfasilitetar. Det blir ei spennande tid for FOUSAM framover! Regjeringa krev at helseføretak og kommunar etablerer helsefellesskap som samarbeidsmodell, og i vår region ser vi at samarbeidsstrukturen som allereie er etablert kan nyttast og utviklast. Her er både FOUSAM og faglege nettverk viktige for praktisk å bidra til god samhandling til beste for pasientar og pårørande. FOUSAM er Samhandlingsutvalet sitt utøvande organ og følgjer opp samarbeidsavtalane i praksis.

Stillinga som leiar av FOUSAM vert kombinert med stilling som Interkommunal samhandlingskoordinator. Marianne Hauge Wennersberg, som har vore leiar av FOUSAM frå starten av går inn i den kombinerte stillinga, noko vi set stor pris på og som betyr at kontinuitet og erfaring vert med over i ny organisering.

Vennleg helsing,
Sølvi Heimestøl

Leiar av Samhandlingsutvalet
Konstituert Samhandlingssjef Helse Fonna (tom 17.aug 2020)

Ny arbeidsgruppe for å ivareta barn som pårørande

«Står det at man skal ivareta barn som pårørende, så skal man det – uansett om man synes  samtalen er vanskelig.»

Utspelet kjem frå ein av representantane i Helse Fonna sitt ungdomsråd.

Ungdomsrådet i Helse Fonna.
Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

I juni 2019 vart rapporten frå samhandlingsprosjektet om barn som pårørande publisert. Temaet var korleis sikre god samhandling i spesialist- og kommunehelseteneste. FOUSAM var sentral i prosjektet saman med Barns beste, Korus Vest, Helse Fonna, og dei fem kommunane Etne, Vindafjord, Kvinnherad, Fitjar og Haugesund. Tilbakemeldingane etter prosjektet var at fokuset på barn som pårørande hadde auka, men at me framleis har ein veg å gå for å ivareta desse barna. Dette er barn me finn overalt, og som me er lovpålagte å ivareta enten me arbeider i kommune eller helseføretak.

Resultata frå prosjektet har gitt oss ein retning vidare. Me har fått muligheit til å arbeida systematisk og målretta for saman å ivareta barn som er pårørande. Som ein del av fagnettverket  barn og unge, har FOUSAM no oppretta ei eiga arbeidsgruppe for å samhandle betre om å ivareta desse barna.

Arbeidsgruppa er heilt i startgropa og Cathrine Kvamsø Olsen,  som er helseføretaket sin koordinator for barn som pårørande i klinikk for psykisk helsevern, er leiar for gruppa og bindeleddet inn i fagnettverket. I tillegg består arbeidsgruppa av Gjertrud Kringeland fra Haugesund kommune, Linn T. Olaussen fra Fitjar kommune, Anna H. Hovland fra Helse Fonna, Sølvi Heimestøl fra Helse Fonna/FOUSAM, Elin Grindheim Hovda fra Etne kommune, Siw Emberland fra ungdomsrådet, og Bernt Netland, prosjektleder for samhandlingsprosjektet. Samarbeid om fagdagar og kampanjar er aktuelle oppgåver for  arbeidsgruppa. Målet er at barn og søsken av pasientar i Helse Fonna – regionen blir oppdaga og ivaretatt både under og etter opphaldet i sjukehus.

Nyttige erfaringar frå samhandling i krisesituasjon

Korleis har kommunane og helseføretaket opplevd samhandlinga i denne uvanlege krisesituasjonen me har stått i denna våren? Me har spurt Reidun Mjør, påtroppande Samhandlingssjef i Helse Fonna HF og Nora Olsen-Sund, helse- og sosialleiar i Karmøy kommune, om deira erfaringar.

  • Korleis har samhandlinga fungert nå i corona-situasjonen, Reidun Mjør?
Reidun Mjør. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

Det har vore tett og god dialog mellom Helse Fonna og kommunane dei siste månadane. Kvar veke har vi hatt ei rekke felles møte via Skype der ein har oppdatert kvarandre og drøfta aktuelle utfordringar. Eg er imponert over kor raskt kommunane klarte å få på plass opplegg for testing og plan for å ta imot pasientar med mistanke om eller påvist covid-19. Eg vil også rosa kommunane for at dei i denne perioden har tatt imot dei aller fleste utskrivingsklare pasientane.  

  • Kva (kva for strukturar) har vore viktige for samhandlinga i denne situasjonen?

Områdemøta, som vanlegvis er i dei ulike opptaksområda for dei somatiske sjukehusa i Helse Fonna to gonger i året, har no hatt møte via Skype kvar veke. Det har vore god deltaking i møta, og det har vore særs nyttig å kunna ta opp aktuelle saker på kort varsel. Det har i samband med pandemien også blitt oppretta faste møte der smittevernlegar i kommunane og representantar frå føretaket har delteke.

  • Vil erfaringane frå denne krisa ha betyding for samhandlinga framover?

Erfaringane me har gjort oss dei siste vekene er nyttige for framtidig samhandling. Eg opplever at kommunane og Helse Fonna har blitt knytt tettare saman og at me har utveksla informasjon og erfaringar på ein god måte. Gjennom desse erfaringane har me vist at me har klart overgangen frå partar til partnerar i samsvar med nye nasjonale føringar.

  • Korleis har samhandlinga fungert nå i corona-situasjonen, sett med dine auge, Nora Olsen-Sund?
Nora Olsen-Sund. Foto: Karmøy kommune

Vi har hatt ein mykje tettare møtefrekvens nå. Vi har hatt digitale møte kvar veke, oss leiarar i helse- og omsorgsetatane saman med leiinga i Helse Fonna. I seinare tid har også fylkeslegen delteke i desse møta. Når vi har hyppig dialog så får vi tatt opp tema som er aktuelle på ein heilt anna måte. Det er ein ny måte å samhandle på. Vi kjenner kvarandre sin situasjon i mykje større grad enn vi har gjort tidlegare. Vi har avdekka felles utfordringar som vi må finne løysingar på.

  • Kva (kva for strukturar) har vore viktige for samhandlinga i denne situasjonen?

Kommunane på Haugalandet har eit leiarnettverk og vi etablerte kjapt ein digital møtearena her for dialog oss imellom. For samhandlinga med Helse Fonna blei Områdemøta viktige. Vi ser at det er godt å ha felles tenesteavtalar, samtidig har vi saman avdekka at dei avtalane vi har, ikkje har vore tilstrekkelege for den situasjonen vi står i denne krisa. Vi har hatt god informasjonsutveksling med helseføretaket og nå også med fylkeslegen. Kommuneoverlegane og smittevernlegane har óg hatt tettare dialog.

  • Vil erfaringane frå denne krisa ha betyding for samhandlinga framover?

Vi lever i ein symbiose og er avhengige av kvarandre. Koronasituasjonen tilseier at kommunane og helseføretaket i større grad må sjå seg som ein heilskap og få ting til å fungere samla sett. Vi er avhengige av kvarandre og da er det viktig å vera godt kjende. Eg synes det har vært veldig tydleg  nå at vi fortsatt må ha ein tett dialog. Områdemøta som har beslutningsmyndighet trur eg vil få ei viktigare rolle i samhandlingsstrukturen framover.

FOUSAM-prosjekt har igjen fått midler!

Fylkesmannen i Rogaland og Vestland har bevilget 2.2 millioner kroner for å videreutvikle «Recovery ressursbase». I Helse Fonna-regionen har 10 av de 16 kommunene inngått avtale med foretaket om å samarbeidet for å styrke recovery orientert praksis i tjenestene.

De nye midlene gjør det mulig å samarbeide videre om opplæringstiltak som supplerende tiltak for personer med alvorlige psykiske lidelser og rusutfordringer. Håper dere gleder dere sammen med oss!

Les mer om prosjektet vårt her.

Sigrid Bøthun, prosjektleder i FOUSAMs Recovery Ressursbase og LM-teamleder klinikk psykisk helsevern, og Veronica Lopez, erfaringskonsulent i Recovery Ressursbase
(foto: FOUSAM)

Fagdag i ernæring

Fagdagen er utsatt grunnet korona-situasjonen. Vi håper å kunne invitere dere på senhøsten 2020. Følg med for mer informasjon her og på facebook.

Velkommen til fagdag i ernæring. Årets fagdag i ernæring har tema overvekt og fedme blant personer med psykisk utviklingshemming. 

Denne dagen vil du få høre om erfaringer med livsstilsendring fra bruker og personal i en lokal kommune, og erfaringer med systematisk ernæringsarbeid i boliger i Oslo. 
Vi har tro på at denne dagen vil inspirere og gi deg praktiske tips til din egen arbeidshverdag. 

Fagdagen er et samarbeid mellom FOUSAM, kliniske ernæringsfysiologer og Habiliteringstjenesten i Helse Fonna HF og representant fra Fjellhaug Butiltak i Tysvær kommune. 

Målgruppe

Ledere og personal i bofellesskap, frisklivssentral, folkehelsekoordinatorer,
pårørende og brukerorganisasjoner.
Innhold i dagen

Program

  • Erfaringsinnlegg ved bruker og personal fra Granvegen
  • Hva vet vi om PUH og overvekt og fedme? Helsepsykologi, livsstilsendring.
  • Personal som ressurs, tvang og makt
  • Systematisk ernæringsarbeid: Hva er et sunt kosthold?
  • Erfaring med ernæringsarbeid i boliger i Sagene bydel, Oslo.
  • Paneldebatt

Påmelding

Meld deg på via deltaker.no. Pris 200 kroner inkludert lunsj.

Kontakt

Har du spørsmål til arrangementet, kontakt Marianne H. Wennersberg, på telefon: 48246811, eller epost: marianne.wennersberg@hvl.no.

Stor interesse for Recovery i Helse Fonna-regionen

F.v: Bernt Netland, KORUS/Helse Fonna, Elin Wetås Jara, seniorrådgjevar KS Rogaland, Veronica Lopez, erfaringskonsulent Recovery ressursbase, Ellen Aarre, Fylkesmannen i Rogaland og Sigrid Bøthun, Læring og mestringsteamet i FOUSAM.

9. desember 2019 gjennomførte prosjektet Recovery ressursbase erfaringssamling på Stemnestaden i Tysvær. Dette var ei oppfølging av Læringsnettverket psykisk helse og rus, med fokus på recoveryorientert praksis, 2016-2017. Det var 140 deltakarar frå kommunar, helseforetak og brukarorganisasjonar.

Det var 140 deltakarar frå kommunar, helseforetak og brukarorganisasjonar.

Fokus på dagen var «Å bygge liv i eit samfunnsperspektiv».

Professor Emerita Marit Borg har i ei årrekke arbeida med forsking og utdanning innan psykisk helse. Ho hadde hovedinnlegget denne dagen med fokus på recovery i eit samfunnsperspektiv.

«Recovery» er en prosess. Det handler om å ta tilbake alt som er tapt, rettigheter, ansvar, avgjørelser, muligheter, støtte og hjelp. Laurie Curtis, 1998.

Marit Borg, professor emerita, Fakultet for helse- og sosialvitenskap
Institutt for helse-, sosial- og velferdsfag, Universitetet i Sørøst-Norge.

Kari Nygård og Kjellaug Iversen delte korleis Haugesund kommune har jobba vidare med forbedringsteam etter deltaking i KS-nettverket.

Kari Nygård, avdelingsleiar og Kjellaug Iversen

Erfaringskonsulent Pål Berger delte innslaget «Fyll dagene».

For dei kommunane som er interessert i meir informasjon kjem me gjerne på besøk.

Kontaktinformasjon til prosjektleiing for Recoveryressursbase

  • Veronica Lopez  48112910

Veronica.lopez@helse-fonna.no

  • Sigrid Bøthun, 95838810

Sigrid.boethun@helse-fonn.no

  • Bernt Netland, 91722548

Bernt.netland@helse-fonna.no

Saman med tre forskarar har erfaringskonsulent Connie Straume skrive ein vitskapleg artikkel

Erfaringskonsulent Connie Straume.

Artikkelen Erfaringsmedarbeidere som aktører i utdanning av psykisk helsearbeidere presenterer funn frå eit pedagogisk aksjonsforskingsprosjekt der erfaringsmedarbeidarar har vore deltakarar i refleksjonsgrupper med studentar på tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid.

-Hensikta med artikkelen var å utforska på kva måte erfaringsmedarbeidarane bidrog til studentane si læring knytta til brukarkunnskap, samt kva utbytte erfaringsmedarbeidarane hadde av å delta i refleksjonsgruppene, står det i samandraget i artikkelen.

I same utgave av Tidsskrift for psykisk helsearbeid er tre vitskaplege artiklar om erfaringskompetanse frå Sunnhordland, Haugaland og Stavanger òg publisert (sjå bilde under).

-For ein flott Blomsterbukket av fokus på Erfaringskompetanse-implementering frå vår region på Sunnhordland, Haugaland og Stavanger, seier erfaringskonsulent Connie Straume ved Stord DPS.    

I same utgave av Tidsskrift som psykisk helsearbeid er dei to andre vitskaplege artiklane publisert.

Straume fortel at det var spennande å vera både moderator i fokusgruppa, medforfattar og likeverdig arbeidskollega i heile artikkelskrivingsprosessen. Ho har skrive artikkelen saman med Åse Renolen, høgskolelektor ved Institutt for helse- og omsorgvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Christine Øye, professor ved Institutt for helse- og omsorgvitskap ved HVL, og Tove Klepsvik, høgskolelektor ved Fakultet for helsefag ved VID vitenskapelige høgskole.

Artikkelen er publisert i denne utgåva av Tidsskrift for Psykisk helsearbeid.

Gode tilbakemeldingar frå foreldregruppa

Miriam Johannessen, familierettleiar, helsestasjonen på Bømlo, Lene Sortland Nesse, assisterande styrar Maurtua barnehage SA, Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM, Sølvi Heimestøl, rådgjevar og prosjektleiar FOUSAM og Helse Fonna.
Maren Johannessen, brukarrepresentant, helsestasjonen på Bømlo var ikkje til stades da bildet vart tatt). FOTO: Terje Rudi

-Vi er stolte av å vere ein del av dette!

Det var oppsummeringa frå arbeidsgruppa som planla og gjennomførte foreldregruppe i barnehagen i Bømlo kommune, hausten 2019. Deltakarar i gruppa var foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne.

Tilbakemeldingane viste at det å delta i gruppa betydde ein forskjell.
-Vi fekk bidra med verktøy til foreldra for mestring av kvardagen, og ikkje minst, dei fekk treffe andre i same situasjon, seier deltakarar.

Det er andre gong foreldregruppe i barnehagen vert gjennomført i Bømlo, og er eit samarbeid mellom Maurtua barnehage, helsestasjonen i Bømlo, FOUSAM og Helse Fonna. Tilbodet er blitt ein fast del av oppfølginga av familiar med barn som har nedsett funksjonsevn i kommunen.

-Det er ikkje tvil om at dette er rett bruk av ressursar, det er eit førebyggjande tiltak for heile familien når eit eller fleire barn har varige helseutfordringar, seier Miriam Johannessen, Familierettleiar i Bømlo kommune.

Her finn du brosjyren for tilbodet og meir om opplegget. Arbeidet starta som eit prosjekt og har òg vore prøvd ut i Tysvær kommune. Her finn du prosjektrapportane.

Ønsker du å høyre meir om opplegget eller starte foreldregruppe i din kommune?

Ta kontakt med rådgjevar i FOUSAM Sølvi Heimestøl

Arbeidsgruppa besto av

Miriam Johannessen, familierettleiar, helsestasjonen på Bømlo
Lene Sortland Nesse, assisterande styrar Maurtua barnehage SA
Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM
Maren Johannessen, brukarrepresentant, helsestasjonen på Bømlo
Sølvi Heimestøl, rådgjevar og prosjektleiar FOUSAM og Helse Fonna.

Rusta seg for framtida i Læring og meistring-nettverket

Helene Fjellheim Midthun teiknar blomen der kronblada viser kva det betyr for henne som lokal kontaktperson i utkantkommune å vera med i nettverket innan læring og meistring.

På fellesmøte i nettverket for læring og mestring 5.12 blei det jobba med organisering og oppgåver i nettverket.

-Ettersom kart og terreng har endra seg sidan oppstart i 2013, er det naudsynt å sjå på dette. Spesielt er dette aktuelt når Hardangerområdet blir ein kommune frå 1. januar 2020. Ullensvang inkluderer då også Odda og Jondal, seier Sigrid Bøthun, leiar i Læring og meistringnettverket.

Nettverket starta diskusjonen, men konkluderte med at ein treng meir tid til å sjå på konsekvensane av dei foreslåtte endringane. Dei vil difor ta saka opp i neste fellesmøte i april.

Helene Fjellheim Midthun, nestleiar i Læring og mestringsnettverket og kommunerepresentant frå Suldal og Alf Andvesen, brukerrepresentant i nettverket delte begge erfaringar om det å jobba i nettverk.

Helene Fjellheim Midthun, nestleiar i Læring og mestringsnettverket og kommunerepresentant frå Suldal fortalde på fagdagen kva det det betyr for henne som lokal kontaktperson i utkantskommune å vera med i nettverket innan læring og mestring.
– Det gir inspirasjon å møte andre. Å ha ein handlingsplan gir forankring og hjelper å driva arbeidet i eigen kommune. Samhaldet i nettverkssamlingane på Haugalandet gir trygghet i rolla og fører til kvalitet på tenestene til innbyggjerane, seier ho.

Sølvi Heimestøl, rådgjevar i FOUSAM, presenterte mellom
anna kunnskapsoppsummeringar om effekt og samfunnsnytte ved opplæring i grupper.

-Dokumentert helsegevinst er godt å ha med når ein skal argumentera for gode tilbod, seier ho.

Sølvi Heimestøl, denne gong i rolla som leiar for læring og mestringsnettverket i Helse Vest.