
Ikkje til stades når bilete blei tatt: Eva Biringer, Forskingsseksjonen Helse Fonna og Elisabeth Haugen, leiar NAV Bømlo kommune og Marianne Wennersberg prosjekteigar og leiar FOUSAM.
Målet er å utvikla ein ressursbase for å utvikla recoverybaserte tilbod i eit samarbeid mellom personar med rus og psykiske vanskar og fagpersonell i Helse Fonna-området. Store kommunar som Sandnes har etablert eigne Recovery Colleges. I Helse Fonna-området er mange små og mellomstore kommunar, som gjer det vanskeleg å etablera eigne Recovery College i kvar kommune.
– Difor etablerer FOUSAM ein ressursbase i vårt samarbeidsområde, der kommunar som ønsker å bygga lokal kompetanse kan møtast og hausta erfaringar frå andre når dei skal utvikla eigne tilbod, fortel prosjektleiar Sigrid Bøthun, FOUSAM-rådgjevar og leiar for Lærings- og meistringsteamet i Helse Fonna.
Ressursbasen vil kunne vera ein møtestad og ein samarbeidsverkstad der personar med «erfaringskompetanse» saman med fagpersonell frå kommunar og helseføretak i fellesskap kan utvikla nye tilbod, gjennomføre fagdager, workshop og samles i nettverk.
Prosjekt Recovery ressursbase fekk i 2019 midlar frå Fylkesmannen i Vestlandet og Fylkesmannen i Rogaland for å beskrive ein mogeleg modell for Recovery college tilpassa FOUSAM sitt område. Prosjektgruppa søkte om nye midlar for 2020 for å vidareføra det gode arbeidet som er starta opp og fekk i starten på mai nyheten om at midlane er innnvilga. Eg er stolt over teamet vårt som har jobba fram søknaden og me gler oss te å jobba vidare med å bygge opp Recovery ressursbase her i Helse Fonna-området, avsluttar Marianne Hauge Wennersberg, prosjekteigar og leiar av FOUSAM.
- Les: Stor interesse for Recovery i Helse Fonna-regionen
- Alle presentasjonane frå Recoveryfagdag 9.12
«Recovery» er en prosess. Det handler om å ta tilbake alt som er tapt, rettigheter, ansvar, avgjørelser, muligheter, støtte og hjelp. Laurie Curtis, 1998.

For dei kommunane som er interessert i meir informasjon kjem me gjerne på besøk.
Kontaktinformasjon til prosjektleiing for Recoveryressursbase
- Veronica Lopez 48112910
- Sigrid Bøthun, 95838810
- Bernt Netland, 91722548