På fellesmøte i nettverket for læring og mestring 5.12 blei det jobba med organisering og oppgåver i nettverket.
-Ettersom kart og terreng har endra seg sidan oppstart i 2013, er det naudsynt å sjå på dette. Spesielt er dette aktuelt når Hardangerområdet blir ein kommune frå 1. januar 2020. Ullensvang inkluderer då også Odda og Jondal, seier Sigrid Bøthun, leiar i Læring og meistringnettverket.
Nettverket starta diskusjonen, men konkluderte med at ein treng meir tid til å sjå på konsekvensane av dei foreslåtte endringane. Dei vil difor ta saka opp i neste fellesmøte i april.
Helene Fjellheim Midthun, nestleiar i Læring og mestringsnettverket og kommunerepresentant frå Suldal fortalde på fagdagen kva det det betyr for henne som lokal kontaktperson i utkantskommune å vera med i nettverket innan læring og mestring.
– Det gir inspirasjon å møte andre. Å ha ein handlingsplan gir forankring og hjelper å driva arbeidet i eigen kommune. Samhaldet i nettverkssamlingane på Haugalandet gir trygghet i rolla og fører til kvalitet på tenestene til innbyggjerane, seier ho.
Sølvi Heimestøl, rådgjevar i FOUSAM, presenterte mellom
anna kunnskapsoppsummeringar om effekt og samfunnsnytte ved opplæring i grupper.
-Dokumentert helsegevinst er godt å ha med når ein skal argumentera for gode tilbod, seier ho.