Saman med tre forskarar har erfaringskonsulent Connie Straume skrive ein vitskapleg artikkel

Erfaringskonsulent Connie Straume.

Artikkelen Erfaringsmedarbeidere som aktører i utdanning av psykisk helsearbeidere presenterer funn frå eit pedagogisk aksjonsforskingsprosjekt der erfaringsmedarbeidarar har vore deltakarar i refleksjonsgrupper med studentar på tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid.

-Hensikta med artikkelen var å utforska på kva måte erfaringsmedarbeidarane bidrog til studentane si læring knytta til brukarkunnskap, samt kva utbytte erfaringsmedarbeidarane hadde av å delta i refleksjonsgruppene, står det i samandraget i artikkelen.

I same utgave av Tidsskrift for psykisk helsearbeid er tre vitskaplege artiklar om erfaringskompetanse frå Sunnhordland, Haugaland og Stavanger òg publisert (sjå bilde under).

-For ein flott Blomsterbukket av fokus på Erfaringskompetanse-implementering frå vår region på Sunnhordland, Haugaland og Stavanger, seier erfaringskonsulent Connie Straume ved Stord DPS.    

I same utgave av Tidsskrift som psykisk helsearbeid er dei to andre vitskaplege artiklane publisert.

Straume fortel at det var spennande å vera både moderator i fokusgruppa, medforfattar og likeverdig arbeidskollega i heile artikkelskrivingsprosessen. Ho har skrive artikkelen saman med Åse Renolen, høgskolelektor ved Institutt for helse- og omsorgvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Christine Øye, professor ved Institutt for helse- og omsorgvitskap ved HVL, og Tove Klepsvik, høgskolelektor ved Fakultet for helsefag ved VID vitenskapelige høgskole.

Artikkelen er publisert i denne utgåva av Tidsskrift for Psykisk helsearbeid.

Scroll to Top