Fagleg nettverk for kommunale ØH-døgntilbod
Hausten 2017 vart det etablert eit fagleg nettverk for kommunale ØH-døgntilbod på initiativ frå fagmiljøet. Dei opplevde behov for å dele erfaring og kompetanse med kvarandre og få muligheit til å utvikle til dømes felles rutinar og prosedyrar.
I Helse Fonna-regionen er det ni kommunale ØH-døgntilbod og alle var invitert til oppstartssamling for fagnettverket på Bjørgene den 7. desember 2017. I tillegg deltok representantar frå Helse Fonna og brukarrepresentant på samlinga.
Det vart valt ei ressursgruppe som skal følgje opp arbeidet mellom møta i nettverket.
Ressursgruppe for nettverket
- Aud Edvinson, brukarrepresentant
- Heidi Hollekim, sjukepleiar Sentrum behandlingssenter
- Tine Sparchlolz, lege ØH-døgntilbod Suldal
- Kari Ugland, samhandlingssjef Helse Fonna
.
Meir informasjon
- program for oppstartssamlinga
- referat frå oppstartssamlinga
- film om ØH-tilbodet
- oppsummering av brukarundersøking i kommunalt ØH-døgntilbod
Rundt 20 fagpersonar frå både kommune og spesialisthelseteneste deltok på oppstartssamling for fagnettverk innan kommunalt ØH-døgntilbod i desember 2017.