Tilbod og foreldregruppe i barnehagen

Tal frå Helse- og levekårsundersøkinga og Reseptregisteret kan tyde på at førekomst av kroniske sjukdommar og plager hos norske barn ligg på rundt 30 prosent og er aukande.

Når det gjeld oppfølging av barn med kroniske sjukdommar/helseutfordringar som cøliaki, epilepsi, astma, allergi, diabetes, er det stort sett foreldre i samarbeid med fastlege eller behandlar i spesialisthelsetenesta som har ansvaret for oppfølginga utan støtte frå kommunale helsetenester.

Dette stiller ofte store krav til foreldre om å takle handtering av barnet sin helseutfordring i tillegg til ein hektisk kvardag med små barn. Det kan påverke både familieliv med rutinar, forhold til jobb og samarbeid med barnehage og nettverk.

Lang erfaring frå lærings- og meistringstilbod i spesialisthelsetensta viser at foreldre opplever mange av dei same utfordringane i høve til meistring av kvardag og familieliv uavhengig av kva diagnose eller helseutfordring barnet har.

Om prosjekta
Hensikta med prosjekta er at foreldre som har barn med kronisk sjukdom kan få treffe andre i liknande situasjon, dele erfaringar og gode råd og sette fokus på aktuelle tema. Målet er å bidra til å styrke foreldra i omsorgsrolla slik at dei kan oppleve økt meistring i kvardagen og familielivet.

Foreldregruppa møtes 4 gonger, 2 timar kvar gong på kveldstid.

Tema i foreldregruppa er:

  • meistring i kvardagen
  • livet i familien – kunsten å ta vare på kvarandre
  • samarbeid med barnehage – fritidsaktivitetar – vener
  • dei gode grensene

Prosjekta er eit samarbeid mellom høvesvis Bømlo og Tysvær kommune ved barnehagetenesta og helsestasjonstenesta, Helse Fonna og FOUSAM. Samarbeidet mellom helsetenesta og barnehagetenesta om lærings- og meistringstilbod, er nytt og vil bli evaluert både med tanke på foreldra sitt utbytte og korleis samarbeidet har fungert. Prosjektene er nå avlsutta. Les prosjektrapportane her:
Prosjektrapport foreldregruppe Tysvær Desember 2017
Prosjektrapport foreldregruppe Bømlo 2018

Prosjektgruppe Bømlo

  • Lene Sortland Nesse, barnehagane på Bømlo
  • Miriam Johannessen, helsestasjonane på Bømlo
  • Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM
  • Sølvi Heimestøl, rådgjevar, Helse Fonna og FOUSAM

Prosjektgruppe Tysvær

  • Anita Weltzien Dalaker, barnehagestyrar, barnehagetenesta i Tysvær kommune
  • Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant, FOUSAM
  • Kjerstin Wennek Hagland, leiande helsesøster, helsestasjonstenesta i Tysvær
  • Sølvi Heimestøl, rådgjevar, Helse Fonna og FOUSAM

Informasjonsmateriell