Velkommen til fagdag i regi av Nettverk for kommunale ØH-døgntilbod i Helse Fonna-regionen

kilde: iStockphoto.com

TID OG STAD: 
Onsdag 18.sept. kl.10.00 – 14.00 med oppkopling frå kl 09.45 

Tema:
Pasientar med psykiske helseutfordringar innlagt i kommunale ØHD-avdelingar 

Fagdagen vert gjennomført på Teams.  
Best utbyte av dagen får ein om tilsette frå same arbeidsstad er samla i ei gruppe, da kan ein drøfte lokalt under vegs i programmet.  

Utstyr som krevs: PC med mikrofon og kamera. 
 
Målgruppe:  
Fagdagen er for tilsette i kommunale ØH-døgnavdelingar, men tilsette på sjukehuset eller i andre einingar i kommunen kan også delta. Fint om du deler invitasjonen til andre som kan ha interesse og nytte av dagen.

Kontakt og påmelding: 
e-post: solvi.heimestol@helse-fonna.no   
Send ein e-post med namn på avdeling og kor mange som deltek. 

Fagdagen er GRATIS 

Lenke: Klikk her for å bli med i møtet 
 

Hovudpunkt i PROGRAMMET  

Kl 10.00 Velkommen og presentasjon 

Sett frå eit brukarperspektiv  

Kva er viktig i møte med personar som har utfordringar med psykiske helse og/ eller rus ved innlegging i ØHD -avdeling? 
v/ Gunn Marit Lygre, seksjonsleiar i Rus- og psykiatritjenesten i Tysvær kommune (ROP)  

Kl 12.00 Lunsj 

Kl 12.30 Korleis kan ØHD-avdelinga,  AAT (akutt ambulant team) og DPS  
samarbeide til beste for pasientar og pårørande? 
v/ tilsette i AAT og DPS i Helse Fonna 

Kl. 14.00 Takk for i dag!   

Det vert lagt inn pausar og rom for lokale summegrupper undervegs i programmet. 

Fagdagen er planlagt og vert gjennomført av arbeidsutvalet for Fagnettverk kommunale ØH døgntilbod, i samarbeid med FOUSAM.  

Ressursgruppa:  
Mette Austrheim (leiar av ØHD-nettverket) 
Solveig Obrecht Speth  
Reidun Mjør
Aud Edvinson
Sølvi Heimestøl (FOUSAM)

Les meir om helsefellesskapet på fousam.no

Scroll to Top