Bli kjent med det interkommunale ØH-døgntilbodet i Sunnhordland!

Leiargruppa: Aasmund Storebø (avdelingsoverlege), Mona Yvonne Espeland Lothe (dagleg leiar) og Kimberlee Stenberg McMillan (avdelingsleiar)

Alle kommunane i Helse Fonna-regionen har tilbod om ØH-døgnplassar, anten i eigen kommune eller gjennom eit interkommunalt samarbeid. Sunnhordland interkommunale legevakt si døgnavdeling, IDA, har tilbod til innbyggjarane i Bømlo, Fitjar og Stord. Vi har tatt ein prat med avdelingsjukepleiar Kimberlee Stenberg McMillan og dagleg leiar Mona Lothe, for å bli meir kjent med deira tilbod.

Om du skulle velje tre ting dokke er spesielt stolte av ved IDA, kva skulle det vera?

Vi har eit godt arbeidsmiljø med interesserte, engasjerte og svært kompetente medarbeidarar som vi klarer å behalde! Så har vi ein fagleg dyktig overlege som har eit godt lag med pasientane,  og ikkje minst eit godt samarbeid med både tenestekontora i kommunane som eig IDA, høgskulen og sjukehuset.

Kva kan pasientar og pårørande vente seg om dei vert innlagde hos dokke?

Pasientane vil bli møtt av dyktige fagpersonar som ser den enkelte og deira pårørande, og som raskt sikrar at dei kjem i gong med behandling. Vi har eit rolegare tempo enn i sjukehuset, det er færre personale å forhalde seg til, og så får alle einerom med TV og eige bad. Om pasienten treng meir spesialisert behandling, er vegen kort til innlegging i sjukehuset som ligg vegg i vegg.

Korleis kom det interkommunale samarbeidet i gong?

Sunnhordland interkommunale legevakt vart stifta i 2013 og starta opp med drift av legevaktsteneste for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord i 2014. Prosessen og samarbeidet  om etablering av kommunale øyeblikkeleg hjelp døgntilbod tok tid, og vi hadde både forstudie og ein god prosjektperiode. Den politiske behandlinga landa på å etablere eit interkommunalt selskap som skulle drifte både legevakt, ØH senger og observasjonssenger.  Nytt lokale vart bygd vegg i vegg med Stord sjukehus. Eigarane våre var klar over at modellen ein valte for ØH-tilbodet var ein «rolls royce-modell»- eit godt tilbod som ville vera dyrt. Tilbodet starta i nye lokale mars 2017.

Korleis er samarbeidet med helseføretaket?

Pasientane våre som treng undersøkingar som blodprøvar, røntgen, MR eller CT, vert prioritert på lik linje med inneliggande pasientar ved Stord sjukehus – det er viktig for oss! Om tilstanden skulle endre seg, er det kort veg til akuttmottaket ved sjukehuset. Vi tek og i mot pasientar frå akuttmottaket, dette er pasientar som ein ikkje finn grunn til å legge inn i  spesialisthelsetenesta, men som likevel treng behandling før dei kan reise heim.  Nærleiken til sjukehuset har vore eit av dei største suksesskriteria og samarbeidet har vore bra heilt sia vi starta planlegginga av tilbodet. Leiarmøte på tvers ein gong i månaden tek opp samarbeidet og drøftar fortløpande saker. Det er viktig å vera løysingsorientert. Vi må alle ha fokus på pasienten og den sitt beste. Med god kommunikasjon får vi det til!

IDA er det tilbodet som har mest utnytta kapasitet i vår region, har du tankar om kvifor det er slik?

Vi trur det er samansett, og noko som har bygd seg opp over tid. Vi har etter kvart opparbeida oss eit godt rykte, både ute blant fastlegar og innbyggjarar generelt. At pasientar og pårørande formidlar positive opplevingar er den beste reklamen vi kan få!

Når me har ledig kapasitet på ØH,  sender avdelingsoverlegen e-post med informasjon om tal på ledige senger til alle legane som kan nytte tilbodet, slik blir dei minna om å bruke oss. Det at vi har både observasjonssenger og ØH–senger gir oss meir rom. Vi har gode rutinar på å flytte pasient mellom obs- og ØH-senger ut frå om pasienten får aktiv behandling eller ei. Vi er både kreative og fleksible for å finne gode løysingar for pasienten.

Kva har de gjort for å nå ut til fastlegane med informasjon om IDA?

Før opninga av IDA var avdelingslege og avdelingsleiar rundt på alle legekontor og informerte om avdelinga, behandlingsplanar og korleis organiseringa av tilbodet var tenkt. Vi ba om attendemeldingar på kva fastlegane hadde behov for. Etter kvart har vi informert ut i allmenlegeutvalet for legane (AU), kommunane, hatt besøk av ulike politiske komitéar, delegasjonar frå andre kommunar, helseføretak og helsedirektoratet. Vi har også hatt open dag i avdelinga.

Det er stort sett fastlegane i våre eigarkommunar som har legevakt. Det legg til rette for involvering og utvikling av ei ansvarskjensle for IDA i tillegg til nærleik til både pasientar og tilsette.

Korleis har pandemien påverka drifta ved IDA?

IDA vart tidleg definert som ein kommunal institusjon som ikkje skal ha covid-19 pasientar, og pasientar vert klarert for risiko for smitte før innlegging. Likevel kan me oppleve at ein inneliggande pasient utviklar symptom og må testast. Avdelinga har hatt strenge restriksjonar med smittvernetiltak på nivå med spesialisthelsetenesta med avgrensing i besøkstider, protokollføring av besøkande og gode hygienetiltak. Dette er no slept litt opp. Pasient og pårørande har vist stort tolmod med retningslinene.

Andre måtar pandemien har påverka oss er at nokre diagnosar er fråverande, til dømes forverring av KOLS og vi ser få pasientar med luftvegssmitte. 12.mars i fjor stoppa det  nesten opp med ØH-pasientar. Det verka som folk ikkje gjekk til fastlege eller legevakta. No har det teke seg opp att til normal bruk, med normale svingingar gjennom året.

Kva har nettverket for kommunale ØH-døgntilbod og FOUSAM betydd for IDA?»

I starten var me på besøk ved Sentrum behandlingssenter i Haugesund og etablerte kontakt med avdelinga der. Det var lærerikt å både sjå korleis deira avdeling fungerte og lære av suksesskriteria og fallgruver dei hadde møtt på. Etter kvart som vi fekk våre eigne erfaringar og trygghet på at vi gir gode tenester, flytta perspektivet seg til å fokusere på korleis vi kan betra oss og utvikle eige tilbod ut frå våre forutsetningar.

FOUSAM har vore ein god støtte til arrangering av fagdagar og samlingar for leiarar på ØH-tilbod. Dette har vore viktig for fagleg påfyll og gjort det mogleg å treffe kollegaer som arbeider med det same.

Ønske for framtida?

Vi ønsker fleire pasientar, vi står iallfall klar til å ta dei imot! Kanskje vert tilbodet vårt utvida til fleire av dei omliggjande kommunane. Vi er i gong med eit viktig prosjekt innan palliasjon og det blir spennande å sjå korleis det vil påverke ØH-avdelinga i framtida. Gjennom prosjektet er det kome nye prosedyrar som også gjev eit betre tilbod til andre pasientar.

Drømmen måtte vera ei høgd til på legevaktbygget, gjerne med ei palliativ døgnavdeling! Det er lov å drøyma!

 Tilsette på IDA: Katrine Askeland (sjukepleiar), Kimberlee Stenberg McMillan (avdelingssjukepleiar), Aasmund Storebø (avdelingsoverlege) og Laila Nymark Steinsland (helsefagarbeidar)

Les meir om dei andre kommunale ØH-døgntilboda og nettverket her