FOUSAM fekk gode innspel frå erfaringskonsulentar og fagpersonar til korleis utvikla nye tilbod for og i samskaping med personar med rus og psykiske vanskar i Helse Fonna-området på workshop 28. oktober.
Etablerer ressursbase for Recovery College
Målet er å utvikla ein ressursbase for å utvikla recoverybaserte tenester for personar med rus og psykiske vanskar i Helse Fonna-området. Store kommunar som Sandnes har etablert eigne Recovery Colleges. Sidan det i Helse Fonna-området er mange små og mellomstore kommunar, kan det vera vanskelig å etablera eigne Recovery College i kvar kommune.
– Difor etablerer FOUSAM ein ressursbase i vårt samarbeidsområde, med pengestøtte frå Fylkesmannen i Rogaland og Vestland, der kommunar som ønsker å bygga lokal kompetanse kan møtast og hausta erfaringar frå andre når dei skal utvikla eigne tilbod, fortel Sigrid Bøthun, leiar for Lærings- og meistringsteamet i Helse Fonna.
Ressursbasen vil bli eit nettverk rundt arbeidet slik at kommunar og helseføretak i fellesskap kan etablera robuste ordningar etter prosjektperioden er ferdig. Ressursbasen er òg tenkt å ha eit nært og godt samarbeid med lokale brukarorganisasjonar på området.
Fekk gode innspel på workshop
Erfaringskonsulentar blei invitert inn i prosjektgruppa for Recovery ressursbase for å gi innspel til kva som er viktig å få inn i ein søknad om å gå vidare med i utvikling av ein modell.
– Arbeidsprosessen gav mange gode innspel som vil bli tatt med i arbeidet for ny søknad, fortel Sigrid Bøthun.
Prosjektgruppa består av: Marianne H. Wennersberg, leiar FOUSAM, Sigrid Bøthun, leiar av læring- og mestringsteamet i Helse Fonna og rådgjevar i FOUSAM, Bernt Netland, KORUS/Helse Fonna, Eva Biringer, Forskingsseksjonen Helse Fonna, Kristin Ådnøy Eriksen, Høgskulen på Vestlandet, Anne Veronica Kvilhaugsvik, Karmøy kommune, Elisabeth Haugen, Bømlo kommune. Erfaringskonsulentane i prosjektgruppa er: Veronica Lopez, FOUSAM og Haugesund kommune, Raymond Lunde, Bømlo kommune og Connie Straume, Helse Fonna.
Dette er Recovery
Recovery er ikkje ein beskytta tittel, men desse kvalitetskriteria blir gjerne brukt:
- Planlegging av kurs og gjennomføring av undervising skal gjerast i eit likeverdig samarbeid mellom brukarar og fagpersonar.
- Kursa skal organiserast som skuletilbod, der deltakarane er studentar.
- Skuletilbodet må vera recoveryorientert på alle plan og gi håp, kontroll og mogleikar for den enkelte.
Ny erfaringskonsulent
Den 1. september tilsette prosjektet Veronica Lopez som erfaringskonsulent i 20 % stilling. Ho skal vera med å utvikla modellen som skal ligga til grunn for ny søknad. I tillegg har fleire arbeidsgrupper jobba parallelt med å vidareføra aktivitetar frå tidlegare recoveryprosjekt i FOUSAM.
– Det er flott å få med Veronica Lopez som har erfaring med å driva Recoverykurs i Haugesund kommune, seier Sigrid Bøthun.
Hadde samling i Haugesund
Karmøy og Haugesund kommunar har mellom anna gjennom dette prosjektet, deltatt i nasjonalt nettverk for utvikling av Recovery colleges, saman med Høgskulen på Vestlandet,
Den siste samlinga i det nasjonale nettverket var i Haugesund 30.og 31.oktober. Då var prosjektet vertskapsmiljø, i samarbeid med NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) og KBT (Kompetansesenter for brukererfaring og tjenesteutvikling).
Inviterer til deltaking
Prosjektet er medarrangør av oppfølgingsdag etter KS (kommunenes sentralforbund) sitt læringsnettverk innen recovery i perioden 2016-2018. Dagen blir arrangert på Stemnestaden i Tysvær 9.desember i samarbeid med KS, Fylkesmennene og KoRUS Vest og Sør.
Frist for å søke nye midlar er 31.12.19.
Fram til då vil prosjektgruppa gjerne bli kontakta for spørsmål om deltaking frå kommunar som ikkje allereie er involvert, seier Sigrid Bøthun.