Fagdagar for tilsette i kommunale ØH-døgntilbod

Psykologspesialist Camilla Åsbøe Heggland presenterte.

Korleis skal vi møte personar med psykiske utfordringar på ein god måte når dei vert innlagt i kommunale øyeblikkeleg hjelp-døgntilbod (kommunale ØHD-tilbod)?

Dette var bestillinga frå tilsette og grunnen til at FOUSAM i samarbeid med  Fagnettverket for kommunale ØHD-døgntilbod, inviterte til fagdagar for alle tilsette. For at flest mogleg skulle kunne delta, vart det arrangert to like fagdagar, ein i Haugesund 23.mai, og ein på Stord 6. juni.

Wenche Evensen, erfaringsmedarbeider i Klinikk for psykisk helsevern, starta dagen med å gje innspel frå eit brukarperspektiv, eit innlegg med både humor og alvor som la grunnlaget for ein god dialog og skapte ettertanke og refleksjon hos deltakarane.

«Eg fekk betre forståing for korleis ta i mot og behandle personar med psykikse utfordringar, som er innlagt i ØH-seng»
(
Sitat frå evalueringa)

Aina Budal er funksjonsleiar i Karmøy DPS. Ho hadde undervising på Stord.

Camilla Åsbøe Heggland, psykologspesialist og seksjonsleiar og Aina Budal, funksjonsleiar i Karmøy DPS, hadde undervisning på Stord. Thomas Lundqvist, psykologspesialist og funksjonsleiar Akutt ambulant team, og Kenneth Hovda funksjonsleiar Akuttpost, hadde undervisning  i Haugesund. Alle fire er frå Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Dei gav ei innføring i dei vanlegaste utfordringar personalet kan møte, årsakar og diagnosar og korleis dei kan møtast på ein trygg og fagleg god måte.

Det var stort engasjement hos deltakarane og mange spørsmål vart drøfta, både under innlegga og i workshop’en etterpå der dei arbeidde i grupper med case frå eigen arbeidskvardag.

”Dialog med førelesarane gjorde det til ein aktiv dag, der vi kunne spørje, lære og diskutere på same tid”.
(
Sitat frå evalueringa)

Tilbakemeldingane i den elektroniske evalueringa, viste at alle var godt eller svært godt nøgd med dagen. Innlegget frå erfarinsmedarbeider og dialogen med førelesarane, vart spesielt trekt fram som positivt.

Deltakarane var svært engasjerte og diskuterte mange spørsmål.