Faglege nettverk, ein viktig del av samhandlings-strukturen vår

 «Sjølv om vi er små kvar for oss, så ser vi at vi er ein del av eit større system og utgjer ein forskjell for pasienten.»  

Kommunal representant i fagnettverksmøte hausten 2020

Når representantar for brukarane og fagpersonar  frå kommunar og føretak møtes, er fokuset å finne gode løysingar for pasientar og pårørande.  Fagpersonane er nært faget sitt og brukarane kjenner kor skoen trykker – eit godt utgangspunkt for å løyse utfordringar både gjennom prosjekt, utviklingsarbeid, deling av kompetanse og felles arbeid med rutinar og flyt.

Fagnettverka under FOUSAM -paraplyen  er ein slik møteplass der mandat og handlingsplan gir retning og struktur for samarbeidet. Samhandlingsutvalet er styringsorganet  for FOUSAM og gir oppdrag knytt til samhandlinga og oppfølging av samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunar. Her er faglege nettverk sentrale da kompetansen innan dei ulike fagområda er samla samla her. Per i dag har vi 11 faglege nettverk.

Sjå oversikten over faglege nettverk her.

Tilbakemeldingane er så langt at vi har lært mykje i denne nye elektroniske verden som  vi tar med oss vidare. Elektroniske møte kan ikkje erstatte fysiske, men kan kombinerast i større grad enn før, noko som vil gjere det både enklare og tidsbesparande å delta i nettverksarbeid.

Gode møter der alle blir høyrt og sett er viktige for at samarbeid skal gje resultat. Her har 2020 med Coronapandemien utfordra nettverka på ein spesiell måte. Fysiske møte er blitt erstatta av elektroniske, noko som har gitt både tekniske utfordringar med elektroniske plattformer som ikkje kommuniserer, og stilt større krav til fasilitering for å få til god samhandling. Her har dei faglege nettverka «snudd seg rundt» og vore både kreative og omstillingsdyktige for å få gjennomført alt frå nettverksmøte til prosjekt og kurs/ fagutvikling.

Regjeringa sitt krav til etablering av helsefelleskap og arbeid knytt til ny nasjonal sykehusplan og samordning av utviklingsplanar i føretak og kommunar, er ei viktig sak for Samhandlingsutvalet dette året.  Dei faglege nettverka er eit viktig trinn i helsefelleskapet og det pågår difor ei evaluering denne hausten og vinteren. Kva meiner nettverka sjøl har fungert godt og kva skal til for at dei skal fylle rolla si i det nye helsefelleskapet på ein enda betre måte. Dette er viktige tilbakemeldingar som Samhandlingsutvalet treng i arbeidet sitt. FOUSAM gjennomfører evalueringa i alle nettverka etter same mal og med likeverdige spørsmål.

Refleksjonar rundt kva som har fungert godt i eit av dei faglege nettverka.

2020 er eit år vi alle vil huske, det har utfordra oss på  alle vis og ikkje minst på å finne gode måtar å samhandle på! Faglege nettverk i FOUSAM har kjent på utfordringane og kan hende «sett oss litt ut» i mars, men dei fleste nettverka er no i god gang og ser at dei er nyttige både i krisetid og i fredstid.

Meir om regjeringa sitt krav til helsefellesskap her

Scroll to Top