Helsefellesskap

Formell etablering

Helsefellesskapet i Helse Fonna blei formelt etablert på Toppleiarforumet 14.04.2021.

Tidlegare samhandlingsstruktur i regionen blei lagt til grunn ved etablering av helsefellesskapet, då den samsvara med den organiseringsmodellen som er skissert i nasjonal helse- og sjukehusplan. Namn på dei ulike samhandlingsorgana vart endra i tråd med nasjonale føringar.

Overordna samarbeidsavtale

Overordna samarbeidsavtale er nå revidert og vedtatt i Strategisk samarbeidsutval og vert nå sendt ut til kommunane for signering.

Tenesteavtalar

Tenesteavtalane vil bli reviderte når ny nasjonal rettleiar er klar.

Partnerskapsmøtet

Tidlegare Toppleiarforum vert erstatta av Partnerskapsmøtet. Møtet skal arrangerast ein gong årleg og vere ein arena for dialog og forankring av felles målsetting og strategiar.

Strategisk samarbeidsutval, SSU

Tidlegare Samhandlingsutval er erstatta av Strategisk samarbeidsutval (SSU). Første møte i «nytt» fora var i april 2021. Mandat for SSU er regulert gjennom overordna samarbeidsavtale.

Faglege samarbeidsutval, FSU

Organisering av dei faglege samarbeidsutvala har tatt utgangspunkt i tidlegare nettverk, men tilpassa nasjonale føringar for dei prioriterte pasientgruppene. Fem FSU-ar skal etablerast og mellombels arbeidsutval er i gang med å laga forslag til mandat:

  • Fagleg samarbeidsutval Barn og unge
  • Fagleg samarbeidsutval Skrøpelege eldre
  • Fagleg samarbeidsutval Personar med fleire kroniske lidingar
  • Fagleg samarbeidsutval Psykisk helse og rus
  • Fagleg samarbeidsutval Helseberedskap

Tidlegare faglege nettverk som ikkje blir vidareført som FSU-ar blir kompetansegrupper for FSU-ane. Desse representerer område som er felles for alle pasientgrupper. Dei skal ivareta perspektiv og bidra med ressursar i forhold til tema:

  • Pasientsikkerhet
  • Læring, meistring  og folkehelse
  • Kreftomsorg og lindrande behandling
  • Velferdsteknologi og IKT
  • Koordinerande eining (KE)

Det er utarbeida mal for mandat til FSU-ane. Malen og mandat for FSU barn og unge, blei behandla og vedtatt i møte i SSU 07.10.2021.

Det er ønskjeleg med representasjon frå både fag og leiing, i tillegg til brukar- og fastlegerepresentasjon i kvart FSU. SSU har anbefalt slik representasjon i kvart FSU:

  • Fagperson frå kommune og føretak
  • Leiar frå kommune og føretak
  • Representant frå forskingseininga i føretaket
  • Brukar frå kommune og føretak
  • Fastlege
  • USHT (der det er ønskjeleg)

På møte i SSU 07.10.2021 blei mellombels arbeidsutval til kvart FSU godkjent. Kvart arbeidsutval skal ha ein representant frå kommunane, ein frå føretaket og FOUSAM-rådgjevar som får ansvar for å koordinera arbeidet i AU.

Fellesmøte

Fellesmøtet erstattar tidlegare Områdemøter, og er eit kontakt- og dialogmøte mellom kommunar, helseføretak og andre aktuelle samarbeidspartar. Helsefagleg leiing i alle kommunane i Helse Fonna regionen, klinikkdirektørar i føretaket og medlemene i SSU vert inviterte til møtet. Andre representantar kan inviterast inn i samband med aktuelle tema.

Det kan bli aktuelt å arrangere ekstraordinære fellesmøte, for eksempel i samband med ein beredskaps- eller pandemisituasjon.

FOUSAM

Samarbeidet mellom kommunar og føretak om felles forskings- og utviklingseining for samhandling vert vidareført. Avtale og mandat er revidert.

Sentrale arbeidsområde i FOUSAM er:

  • å ivareta rolla som SSU sitt utøvande organ og følgja opp samarbeidsavtalane i praksis
  • gi støtte til oppfølging av samhandlingsprosjekt
  • følgja opp FSU-ane
  • byggja kompetanse og utveksla erfaring og sikre informasjon til partane
  • stimulera til forsking og innovasjon
  • bidra til reell brukarmedverknad

Interkommunal samhandlingskoordinator

Interkommunal samhandlingskoordinator blei tilsett i august 2020. Stillinga er finansiert gjennom nasjonal tilskotsordning. Denne funksjonen er viktig for samordning av kommunane opp mot samarbeidet med helseføretaket.

Helseleiarnettverk

Helseleiarnettverket er ein felles møtearena for kommunale helse- og omsorgsleiarar i Helse Fonna sin region. Nettverket førebur mellom anna saker som skal opp i SSU, noko som har gjort det lettare for dei kommunale representantane i SSU å uttale seg på vegne av alle kommunane. Interkommunal samhandlingskoordinator er fast medlem og sekretær i helseleiarnettverket.

Brukarinvolvering

Det skal vere brukarmedverknad på alle nivå i helsefellesskapet, ein representant frå kommune og ein frå føretak i kvart fora. Til no har brukarrepresentantar blitt utpeika av Brukarutvalet i Helse Fonna. Det vert arbeida med å finna ei god løysing for utnemning av brukarrepresentantar frå kommunane.

Involvering av fastlegar

Det vert arbeida med å finne ei god løysing for fastlegerepresentasjon i helsefellesskapet. Kommunane vil greia ut og vurdera ulike modellar for organisering og finansiering.