Julehelsing frå leiar i Strategisk samarbeidsutval

Kilde: colourbox.com

Då er endå eit spesielt år over, endå eit år med mange utfordringar som følgje av pandemisituasjonen. Dette året har og vore eit år der kontakten mellom kommunar og helseføretak, og kommunar i mellom, har vore tettare ein nokon gong. Å stå i ein pandemisituasjon i eit så langt tidsrom har utfordra både foretak, kommunar, tilsette og innbyggjarar på måtar ein for berre to år sidan ikkje kunne forestilt seg. På tross av dette har ein etter beste evne innretta seg etter mange nye nasjonale føringar og retningslinjer, og arbeidd saman til det beste for alle partar.

På vegne av Strategisk samarbeidsutval i Helse Fonna regionen, vil eg takke for den samarbeidsvilje som er vist og den innsatsen som er gjort.

Med ønske om ei fredfull og god jul!

Leiar i Stategisk samarbeidsutval
Anne Lise Naasen