AVLYST! Korleis motivere til endring? Velkommen til fagdag!

16. april inviterer vi deg som arbeider med læring, meistring og folkehelse til fagdag om endring.

Korleis motivere til endring? er tittelen på fagdagen. Mange har uvanar dei er misnøgde med, men som dei likevel ikkje får til å endre. Lenge har det blitt snakka om kor vanskelig det er å endre inngrodde atferdsmønstre hos mennesker. Nyare forskning viser at hjernen vår har ein fantastisk evne til endring, berre me brukar rett framgangsmåte!

Fagdagen er eit samarbeid mellom Nettverk for læring og mestring i Helse Vest og FOUSAM ved Fagnettverk folkehelse og Fagnettverk
læring og mestring.

Ole Petter Hjelle er hovudforedragshaldar på fagdagen.

Ole Petter Hjelle er hovudforedragshaldar på fagdagen. Han er fastlege, forfattar og hjerneforskar. Hjelle vil med si prisvinnande evne til formidling  gi oss eit betre innblikk i kva som motiverer menneske til endring.

I tillegg vil lokale representantar gi oss konkrete eksempel på kva nettopp dei har opplevd som motiverande for endring.

Tid og stad

Torsdag 16.04.2020 Høgskulen på Vestlandet
Auditorium A, Bjørnsonsgate 45, Haugesund.

Program

Kl 09. 00 Registrering og kaffi

Kl 09.30 Velkommen

Slik samarbeider vi i Helse Fonna-regionen for å fremme folkehelse, læring og mestring! Ved konstituert samhandlingssjef i Helse Fonna Sølvi Heimestøl

Kl 09.45 Dette motiverte meg til endring!
Erfaringsinnlegg frå deltakar på hjartekurs i Helse Fonna.
Erfaringsinnlegg frå deltakar på tilbod i kommunal frisklivssentral

Kl 10.30 Korleis kan friluftsliv fremme god helse?
ved Haugesund Turistforening

Kl 11.00 Lunsj

Kl 11.45 Endring og motivasjon – kva skal til?
ved Ole Petter Hjelle, fastlege, hjerneforskar.

Ole Petter Hjelle er kjent for å vera ein av Norges beste formidlarar og førelesarar. Som lege og hjerneforskar stiller han med sterk faglig kunnskap og bygger føredraga sine rundt erfaringar og forsking. Han underviser både pasientar,
fagpersonar og studentar og er kjent som «treningslegen» etter at han starta ei
mosjonsgruppe der han trenar saman med pasientane sine.

Kl 15.15 Vel heim!

Pris: kr. 100.- inkludert lunsj, må betalast ved påmelding. Påmeldingsfrist 1. april.

For spørsmål, send mail til FOUSAM-rådgjevar Anna Henriette Hovland: anna.henriette.hovland@helse-fonna.no