Prosjektgruppa konkluderer med at ein må auka fokus på barn som er pårørande.
Barn som er pårørande kan ha tøffe kvardagar og har rett til oppfølging av helsepersonell for å takle utfordringane når foreldre, søsken eller andre i familien er sjuke. Korleis få dette til å fungere i praksis, og spesielt med tanke på samhandlinga mellom kommunar og føretaket, var utgangspunktet for prosjektet som har involvert både somatikk og psykisk helsevern.
«Helsepersonell bør vera tøffare mot foreldre, legge fagleg fram for foreldre at det er viktig å informere alle i familien»
(Ungdomsrådet i Helse Fonna)
Prosjektet avdekka at sjølv om det å ta vare på barn som pårørande både er lovfesta og teke med i forpliktande samarbeidsavtalar mellom kommunar og føretak, er det fortsatt ein veg å gå i praksis. Føretaket hadde i stor grad prosedyrar og rutinar på plass, men eit stort potensiale til å bruke dei meir. Dei 5 kommunane som deltok i prosjektet, hadde i liten grad kontaktperson, rutinar og prosedyrar på plass.
Barn som pårørande famnar bredt, det er mange som skal nås med informasjon og kompetanse. Det handlar om samarbeid både innad i kommune og føretak, men òg på tvers av tenester, og ikkje minst handlar det om samarbeid mellom helse og barnehage/ skule. Her har Betre tverragleg innsats som er ei satsing i alle prosjektkommunane, vore viktig. Ungdomsrådet i Helse Fonna har vore aktivt med i prosjektet med innspel ut frå eigne erfaringar. Prosjektet har gjennomført fagdagar som har vore opne for både tilsette i kommunar og føretak, desse vil fortsetje framover. Det er òg planar for korleis kontaktpersonar for barn som pårørande frå kommunar og føretak kan møtast vidare.
«Tenke at det er like viktig å involvere ongane som dei vaksne
– eg fekk ikkje vite noko som helst, fekk vite alt på ein gang, har slitt på grunn av det»Ungdomsrådet i Helse Fonna)
I prosjektet har kommunar og føretak arbeidd saman for å løyse utfordringane, og har via møtepunkt under vegs lært av og inspirert kvarandre til å skape ei endring i eigen kommune/ avdeling. Kontaktperson, rutinar og prosedyrar er no på plass i prosjektkommunane, og føretaket har auka bevisstheita rundt bruk av sine. For å nå ut til heile føretaket, er det utarbeidd ein handlingsplan.
Helse Fonna har vore prosjekteigar med midlar frå Helsedirektoratet via Barns beste og i ein prosjektperiode frå januar 2017 til juni 2019. Bernt Netland har vore prosjektleiar og det har vore eit godt samarbeid mellom avdelingane og kommunane som deltok i prosjektet, samt med Fylkesmann, KORUS og FOUSAM.