Nyttige erfaringar frå samhandling i krisesituasjon

Korleis har kommunane og helseføretaket opplevd samhandlinga i denne uvanlege krisesituasjonen me har stått i denna våren? Me har spurt Reidun Mjør, påtroppande Samhandlingssjef i Helse Fonna HF og Nora Olsen-Sund, helse- og sosialleiar i Karmøy kommune, om deira erfaringar.

  • Korleis har samhandlinga fungert nå i corona-situasjonen, Reidun Mjør?
Reidun Mjør. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

Det har vore tett og god dialog mellom Helse Fonna og kommunane dei siste månadane. Kvar veke har vi hatt ei rekke felles møte via Skype der ein har oppdatert kvarandre og drøfta aktuelle utfordringar. Eg er imponert over kor raskt kommunane klarte å få på plass opplegg for testing og plan for å ta imot pasientar med mistanke om eller påvist covid-19. Eg vil også rosa kommunane for at dei i denne perioden har tatt imot dei aller fleste utskrivingsklare pasientane.  

  • Kva (kva for strukturar) har vore viktige for samhandlinga i denne situasjonen?

Områdemøta, som vanlegvis er i dei ulike opptaksområda for dei somatiske sjukehusa i Helse Fonna to gonger i året, har no hatt møte via Skype kvar veke. Det har vore god deltaking i møta, og det har vore særs nyttig å kunna ta opp aktuelle saker på kort varsel. Det har i samband med pandemien også blitt oppretta faste møte der smittevernlegar i kommunane og representantar frå føretaket har delteke.

  • Vil erfaringane frå denne krisa ha betyding for samhandlinga framover?

Erfaringane me har gjort oss dei siste vekene er nyttige for framtidig samhandling. Eg opplever at kommunane og Helse Fonna har blitt knytt tettare saman og at me har utveksla informasjon og erfaringar på ein god måte. Gjennom desse erfaringane har me vist at me har klart overgangen frå partar til partnerar i samsvar med nye nasjonale føringar.

  • Korleis har samhandlinga fungert nå i corona-situasjonen, sett med dine auge, Nora Olsen-Sund?
Nora Olsen-Sund. Foto: Karmøy kommune

Vi har hatt ein mykje tettare møtefrekvens nå. Vi har hatt digitale møte kvar veke, oss leiarar i helse- og omsorgsetatane saman med leiinga i Helse Fonna. I seinare tid har også fylkeslegen delteke i desse møta. Når vi har hyppig dialog så får vi tatt opp tema som er aktuelle på ein heilt anna måte. Det er ein ny måte å samhandle på. Vi kjenner kvarandre sin situasjon i mykje større grad enn vi har gjort tidlegare. Vi har avdekka felles utfordringar som vi må finne løysingar på.

  • Kva (kva for strukturar) har vore viktige for samhandlinga i denne situasjonen?

Kommunane på Haugalandet har eit leiarnettverk og vi etablerte kjapt ein digital møtearena her for dialog oss imellom. For samhandlinga med Helse Fonna blei Områdemøta viktige. Vi ser at det er godt å ha felles tenesteavtalar, samtidig har vi saman avdekka at dei avtalane vi har, ikkje har vore tilstrekkelege for den situasjonen vi står i denne krisa. Vi har hatt god informasjonsutveksling med helseføretaket og nå også med fylkeslegen. Kommuneoverlegane og smittevernlegane har óg hatt tettare dialog.

  • Vil erfaringane frå denne krisa ha betyding for samhandlinga framover?

Vi lever i ein symbiose og er avhengige av kvarandre. Koronasituasjonen tilseier at kommunane og helseføretaket i større grad må sjå seg som ein heilskap og få ting til å fungere samla sett. Vi er avhengige av kvarandre og da er det viktig å vera godt kjende. Eg synes det har vært veldig tydleg  nå at vi fortsatt må ha ein tett dialog. Områdemøta som har beslutningsmyndighet trur eg vil få ei viktigare rolle i samhandlingsstrukturen framover.

Scroll to Top