Positive erfaringar med digital fagdag

«Kommunalt ØH døgntilbod er eit godt tilbod og må brukast meir! Eg har sjøl vore innlagt der og har snakka med andre som har gode erfaringar. Sjukehuset og kommunane må samarbeide slik at fleire får nytte av dette gode tilbodet.»

Brukarrepresentant og medlem av ressursgruppa, Aud Edvinson, innleia fagdagen med denne oppfordringa.

Fagdagar er viktig å gjennomføre sjølv om vi ikkje kan møtast fysisk! Kunnskap er ferskvare og må haldast ved like, og det er viktig at spesialisthelseteneste og kommunale tilbod utvekslar ny kunnskap slik at den vert teken i bruk. Leiar av ressursgruppa i Fagleg nettverk kommunale ØH-døgntilbod, Mette Austreim, er til dagleg seksjonssleiar ved ØHD avdelinga i Tysvær kommune. Ho og ressursgruppa var godt nøgde med gjennomføringa av fagdagen. For at flest mulig skulle kunne delta, vart det arrangerte to like fagdagar, 9. og 10. mars. Til saman deltok omlag 80 fagpersonar, både legar, sjukepleiarar og andre faggrupper.

Sjølv om vi i utgangspunktet tenkte at digital gjennomføring var eit mindre godt alternativ, vart vi positivt overraska! Fleire kunne delta og ein del var samla i grupper på kvar sin arbeidsplass. Vi fekk tilbakemelding på at det var fagleg nyttig med lokale drøftingar under vegs, og sosialt å delta saman. Evalueringa har gitt oss gode tips om korleis vi kan utvikle dette vidare.

På fagdagen underviste spesialistar på sitt fagfelt frå både kommunar og sjukehus med tema KOLS, diabetes, hjartesjukdom og infeksjonar hos eldre. FOUSAM sto for teknisk gjennomføring og det praktiske rundt fagdagane.

Sølvi Heimestøl, FOUSAM sin kontaktperson i fagnettverket.

Les meir om fagnettverket her

Scroll to Top