Saman om dei viktige små

Sped- og småbarnsdagane i Helse Fonna er ein tverrfagleg møteplass for erfaring- og kunnskapsdeling. 2023 konferansen vart arrangert 8-9 februar.

Av Elisabeth Økland, Helse Fonna

-Konferansen dette året er heilt midt i blinken! Etter nokre års «pause» under corona pandemien kan vi treffast og knyte band på tvers av fagfelta og bli betre kjend med ulike problemstillingar i arbeidet med tidleg innsats for barna, seier Øyvind Kvello, professor NTNU .Det er eit openbart behov for kunnskapsdeling, forset han og påpeikar at dette er i tråd med oppvekstreforma som trådte i kraft 1.1.2022. Deretter skal vi styrke arbeidet med førebygging på tvers av fagfelta, og kommunane får auka ansvar for barnevernsområdet.

Øyvind Kvello
Tidleg innsats: Øyvind Kvello, professor NTNU, sett fokus på førebygging og tryggleik for dei aller minste barna. Foto: Elisabeth Økland

Vi fekk ein kickstart på opninga med teater og dans frå Rossabø FUS barnehage. Den 2 dagars konferansen er eit samarbeid på tvers av spesialisthelsetenesta, kommunane, barnehagane, og er ein viktig møteplass for deling av kunnskap og erfaringar – slik at vi best mogleg kan ta vare på dei små barna saman.

Rossabø FUS Barnehage
Opning: Barna frå Rossabø FUS barnehage rettleia deltakarane i dansetrinna til «Bli med dansen». Foto: Elisabeth Økland

Dette er eit samarbeid mellom fagleg samarbeidsutval for barn og unge, Helse Fonna og FOUSAM. BUP Haugesund har leidd arbeidet med programkomité samansett av fagpersonar frå både kommunar (Bømlo og Haugesund), Familieambulatoriet, BUP og foreldrerepresentantar.

Programkomite ped- og småbarns dagene
Programkomitee: Margareth Bø Blindheim ,BUP Haugesund, Siri W. Johansen, Haugesund kommune, Anna K. Sannes , BUP Haugesund, Ingelin Brautaset ,BUP Haugesund, Kjersti R. N. Bårdsen ,Familieambulatoriet, Janett Mathiassen, foreldrerepresentant, Sølvi Heimestøl, Fousam, Ellen H. Hansen, BUP Haugesund, Miriam Johannessen, Bømlo kommune, Ailin Davidsen ,BUP Haugesund, Elin E. Børve, BUP Stord, Janne Osmundsen , BUP Haugesund. Foto: Elisabeth Økland

–Vi må samarbeide om eit  tilbod til familiane som opplever utfordringar særleg med fokus på dei minste.  Kva må til dømes til for å følgje opp barna som opplever rus i nære relasjonar?, påpeikar Kvello.

–For å anerkjenne desse foreldra sine behov på ein god måte og kunne gi rettleiing til det beste for barna,  er det viktig at vi er samkjørte  på tvers av sektorane i både første og 2.linje, avsluttar Bø Blindheim.

Margareth Bø Blindheim
Auka kompetanse: Vi har mykje å lære frå kvarandre sine fagfelt og erfaringar, seier Margareth Bø Blindheim, overlege BUP Helse Fonna/Haugesund. Foto: Elisabeth Økland

Her kan du sjå programmet 2023

Scroll to Top