Vellukka fagdag om korleis motivere til endring

Ole Petter Hjelle.
Foto: athenas.no

Årleg gjennomfører FOUSAM sine ulike nettverk fagdagar. 27 november vart det gjennomført webinar med hjerneforskar og fastlege Ole Petter Hjelle.

Dette var et samarbeid mellom Nettverk for læring og mestring i Helse Vest, og FOUSAM sine to fagnettverk for folkehelse og læring og mestring. Over 200 var påmeldt seminaret frå fjernt og nært og kunne delta i heile desember månad. Omlag 160 følgde seminaret den aktuelle dagen. Tilbakemeldingane var gode, at undervisninga var klar, enkel å følge via nett og praktisk retta.

Sølvi Heimestøl, Rådgjevar i FOUSAM og leiar for Nettverk for læring og mestring i Helse Vest.

Sølvi Heimestøl innleia dagen med korleis samhandlingsstrukturen er organisert i Helse Fonna-regionen, før Hjelle ga oss et engasjerende foredrag om korleis me konkret kan motivere til å endre dårlege vanar.

Ein inspirerande dag!

Scroll to Top